Offisiell opningsfest i Hyttehola

Nytt klubbhus, ny speakerbud og garasje for trakkemaskin og skuter er på plass i fleirbruksanlegget i Hyttehola. Laurdag 18 januar inviterer eigarane, idrottslaget og skyttarlaget til offisiell opningsfest.

Det nye klubbhuset, fleirbrukshuset i Hyttehola til ein kostnad på 5.0 mill. kroner stod ferdig til bruk i fjor. Laurdag 18. januar inviterer eigarane Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag til offisiell opningsfest.

Les invitasjon her;

Sunnylven idrettslag og Sunnylven skyttarlag inviterer hermed inn til offisiell opningsfest laurdag 18.januar klokken 19.30 i Hyttehola. Dette er ein offisielle opningsfesten for det nye klubbhuset til Sunnylven idrettslag og Sunnylven skyttarlag i Hyttehola og for trakkemaskingarasjen og tidtakarbua til idrettslaget.

Rivingsarbeidet av det gamle klubbhuset blei starta langfredag påska 2017, og no meiner idrettslaget og skyttarlaget at det er på sin plass med ein offisiell fest for å feire det ferdige prosjektet og samarbeidet mellom laga. Det nye klubbhuset har allereie vore teke i bruk, både med langrenn, skiskyting og skyting, samtidig som arbeidet med prosjektet har halde fram, og no er det ferdig.

Dette vert ein hyggekveld i eit sosialt lag med lett underhaldning og servering av gryte, kaffi og kake. Det vil også vere anledning til å kjøpe mineralvatn, øl og vin til måltidet. Ettersom denne kvelden er meint mest for dei vaksne så har laga bestemt seg for å setje ei nedre aldersgrense på kvelden, frå og med konfirmasjonsalder.

Dei som vil kome og bli med på festen må melde seg på slik at vi kan berekne mengda med mat. Send påmelding på SMS, eller ring, til Kjell Oddvar Frøysa (909 47 725) eller Linn Kammen (908 27 196). Påmeldingsfrist til og med søndag 12.januar.

 

Sunnylven idrottslag og Sunnylven skyttarlag

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380