Opningsfest for nye anlegg i Hyttehola

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag ved leiarane Per Ingebrigt Karbø og Ola Vangen kunne motta ein gåvesjekk på 100.000.- kroner til fleirbruksanlegget frå Ole Ringdal AS, her representert ved disponent Kristen Ringdal til venstre og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag har bygt nytt klubbhus, garasje og tidtakarbud i Hyttehola fleirbruksanlegg til 5.4 mill. kroner. Laurdag vart nybygga feira med opningsfest.

Det var ei lang liste med personar som helsa og gratulerte Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag med dei nye moderande lokala i Hyttehola. 5.385.000.- kroner hadde det heile kosta, finansiert med eigne middlar tilskot gåver, dugnad, og låneopptak. I tillegg til garasje for trakkemaskin og ei frittståande tidtakarbud har det blitt eit moderande hovudbygg på 350 kvadratmeter med toalett, rom for alle behov og overbygd standplass for skyting.

Geir Frøysa var festleiar og opna med å slå fast at han var stolt over å vere sunnylving ein slik kveld. -Dokke får til alt der inne (i Sunnylven) er kommentarar eg har blitt møtt med. Og sjølv lurte eg på om vi greidde dette løftet då vi starta, men no står alt ferdig, og har alt blitt teke i bruk, sa Geir Frøysa. Han såg tilbake på arbeidet som hadde blitt gjort frå det starta i 2017 og fram til jobben var gjort i 2019.

Gåvesjekk på 100.000.-

Som mykje anna var også dette eit løft i lag av dugnadsbygda Sunnylven, både gjennom arbeidstimar, og pengegåver som framleis blir dei to laga til del. Under festkvelden laurdag kom leiinga ved kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS, disponent Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med ein gåvesjekk frå bedrifta på heile 100.000.- kroner som vart overrekt dei to laga.

–Det som har blitt gjort her er imponerande, og det er av toppklasse, Vi ønskjer å støtte alt positivt arbeid, hovudsakleg på Hellesylt som gjer at folk vil bu og jobbe i bygda, sa Kristen Ringdal.

Dagleg leiar følgde på og var også imponert over det idrettslag og skyttarlag har fått fram av anlegg dei siste åra, og som mellom anna ein fjerde generasjon Ringdal i familien har glede av å nytte. Han sa at bedrifta Ole Ringdal AS treng gode ansatte, og at gode anlegg for idrett kan føre til at fleire vil busetje seg i bygda, sa han før gåvesjekken på 100.000.- kroner vart overrekt til stor applaus frå dei frammøtte.

Fleire fekk tildelt blomar og gåve for innsatsen med nybygga. Her er det Kjell Oddvar Frøysa og Ivar Fivelstad som mottek gåva frå leiar Ola Vangen.

Støtte til unge utøvarar

Sparebanken Møre har vore raus med gåvemiddlar til anlegget. Tidlegare har banken støtta med 700.000.-kroner, noko hellesylt.info har omtala tidlegare. Under opningsfesten kom banksjef Stig Tryggestad på nytt med gåvebeløp til både skigruppa og skyttarlaget, pengar som skulle gå til løypeskiljarar og tiltak for unge skyttarar.

Magne Brekke fekk også velfortent gåve for mykje godt arbeid for nyanlegget., overrakt frå Ola Vangen t. v. og Per Ingebrigt Karbø.

-Genialt

Leiar i skigruppa Hans Hole helsa og gratulerte med fantastiske fasilitetar. Han hadde vore rundt om på mange skianlegg i landet, men sjeldan sett så mykje betre enn i Hyttehola. Å kunne nytte den overbygde standplassen både til skyting og til smørjing av ski var berre fantastisk og genialt. -No må det jobbast for å få til asfaltert rulleskibane også, sa Hans Hole.

Fortalde frå byggeprosessen

Mange fekk rosande ord og velfortent heider under opningsfesten. Spesielle personar som har stått på og fekk overrekt blomar var tidlegare leiar i skyttarlaget Ivar Fivelstad, «dugnadssjef» og planleggar Magne Brekke frå skigruppa og HT Bygg, bygningsarbeidar Kjell Oddvar Frøysa, og tidlegare leiar i Sunnylven IL Jens Vik.

Under festen vart det vist ein bildeserie frå starten på byggeprosessen til ferdig resultat. Ivar Fivelstad orienterte omkring det økonomiske ved byggeprosessen der firma HT Bygg As har utført alt prosjekteringsarbeid gratis. Kostnad med prosjektering er vanleg vis 10 – 15 prosent av totalkostnad og utgjorde eit betydeleg beløp, sa Fivelstad. Magne Brekke fortalde om dugnadsarbeid der mange har delteke, og om framdrift, det var helsingar frå leiar i Skyttarlaget Ola Vangen og leiar i Idrettslaget Per Ingebrigt Karbø, og aktiv skyttar Dag Andre Hauge helsa og fortalde frå starten på si skyttarkarriere, mellom anna ei skildring av ei skytetrening julaftan i meterdjup snø i Hyttehola

Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune og overrakte ein glasvase som gåve. Meir kjem seinare i år, antyda ordføraren.

Helsa frå kommunen

Ordførar Jan Ove Tryggestad avrunda ei lang rekke med helsingstaler. -Eg har lytta med glede og sluttar meg til all takk og alt som er sagt, men vil også ta fram dei som ikkje blir nemnt i slike samanhengar, nemleg mødrene. Også dei gjer ein jobb for at alt skal gå i hop med klevask, matlaging og gjerne transport til og frå trening og stemner. Vi er fantastiske til å lyfte i flokk, og her er eit eksempel på leiing og framdrift på ein strålande måte.

Vi er ikkje alltid like flinke til å fylle tilboda, vi blir ferre og ferre så det krev meir av den enkelte, men husk at bak resultata står eit fellesskap som gjer at bygda overlever, sa ordførar Tryggestad mellom anna. Han hadde med ei gåve frå Stranda kommune, ein spesiell krystallvase. Ordføraren sa at kommunen kom tilbake med tilskot til anlegget når rekneskapen for 2019 var klart, truleg i mai / juni.

Fin opningsfest

Knappe 70 unge og eldre tok del i opningsfesten for nybygga i fleirbruksanlegget i Hyttehola laurdag 18. januar. Serveringa var hjortegryte med ris og salat, og kaffi og kaker etterpå. Kvar hjorten var skoten visste ikkje festleiar Geir Frøysa, men at jægeren hadde skote opp til hjorteprøve i Hyttehola var han sikker på. Og vi trur at både festen og serveringa fall i smak hos alle.

Opningsfesten vart avslutta med kake og kaffi. Leiar i skyttarlaget og i samlaget Ola Vangen fekk æra av å skjere det fyrste kakestykket. Og seinare i år, siste helg i august får han og Sunnylven skyttarlag ansvar for å arangere avsluttande Norgescup i skyting og kåre ein norgesmeister i Hyttehola.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380