Ordførarar rikka ikkje grensesteinen

Dei rikka ikkje grensesteinen i Kjellstadli i 2002 dei to ordførarane Inge Gjerde (H), Stranda, og Bjørn Lødemel (H), Hornindal. Ønskje var å fjerne den og lage ei kommune og eitt fylke, men slik har det ikkje gått.
Alle foto: Sunnmøringen/Fredrik Stadheim
Det er snart atten år sidan lokalavisa Sunnmøringen inviterte ordførarane Inge Gjærde og Bjørn Lødemel til ordførarmøte i det fri på fylkesgrensa. Etter oppmoding frå fotografen vart det bruk av muskelkraft for å fjerne grensemerket mellom to kommunane og dei to fylka. Grensesteinen står der den dag i dag, like traust.
For det gjekk ikkje slik ordførar Inge Gjærde i Stranda, og Bjørn Lødemel i Hornindal såg for seg i 2002, at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane skulle bli eitt fylke. Heller ikkje fekk dei oppfylt det andre ønskje om at Stranda og Hornindal skulle bli ei kommune, men Hornindal har gått saman over fylkesgrensa likevel. Nordfjordbygda har som kjent inngått «ekteskap» med Volda og blir ei stor kommune frå 1. januar 2020. Møre og Romsdal er framleis eige fylke, medan Sogn og Fjordane har i lag med Hordaland blitt til Vestland fylke. Ordførarmøtet på fylkesgrensa i 2002 vart eit vennskapeleg og humørfylt treff og med tankar som avgjort hadde mykje for seg