På 43. plass laurdag, 36. søndag i Kvalfossprinten
Elias Helset, Sunnylven skiskyting er mellom deltakarane under Kvalfossprinten i skiskyting 25 og 26 januar. På sprint laurdag vart det ein flott 43. plass, søndag 36. plass.
Bama Skiskyttarfestival – Kvalfossprinten blir arrangert i Holmenkollen, Oslo laurdag 25. og søndag 26. januar. Skiskyttarrennet er for jenter og gutar i alder 13 – 16 år. I G15 deltek Elias Helset, Sunnylven skiskyting. Under sprinten laurdag kom han på 43. plass av 77 deltakarar i klassa. Han var i mål 3.34.4 (2*2) bak vinnaren Martin Jønstad Ringli, Øystre Slidre IL.
Normaldistanse.
På normaldistansen søndag 26. januar vart det 36. plass for Elias Helset etter både god fart i løypa og god skyting (1*2). Martin Jønstad Ringli var det lite å gjere med, han toppa rsultatlista på normaldistansen som på sprinten dagen før.