Reagerer på bankendringar på Hellesylt

Utflytt sunnylving, Karl Kristian Langeland har sendt brev til Sparebanken Møre ved banksjef Kjell Martin Ringset og med kopi til nettstaden hellesylt.info. Langeland er bekymra for framtida til banken si avdeling på Hellesylt etter å ha lese om planlagde endringar.
Lesarinnlegg
-Aller fyrst, gratulerer til Sparebanken Møre med nye lokale på Stranda. Det er heilt sikkert både naudsynt og til det betre for både tilsette og kundar.
Dette blir diverre ikkje berre ei gratulasjonshelsing, men mest av alt ei bekymringsmelding. For det er med stor bekymring eg les at de no skal redusere talet på dagar Sparebanken Møre avdeling Hellesylt skal ha ope.
De skriv i ei pressemelding at «Teknologien skal ikke konkurrere med menneskelig kontakt. Teknologien er et viktig supplement. Vi skal være tilgjengelige for kundene våre – uavhengig av om de er på nett eller ikke». Dette er fine ord, men det hjelper så lite når de seier ein ting, men gjer det stikk motsette. Det å redusere opningstidene vil sjølvsagt bety mindre menneskeleg kontakt og eit dårlegare tilbod til dei som nyttar seg av banken sine tenester. Det hjelper lite at de prøvar å glatte over det faktum at tilbodet til kundane ved filialen på Hellesylt vert dårlegare, med at ein kan avtale møter med banken utanom banken sine opningstider. Eit redusert tilbod er eit redusert tilbod same kor mykje de prøvar å snakke det vekk.
Mi bekymring stoppar diverre ikkje der. Det er ikkje noko nytt at fyrste steg på å legge ned ei teneste er å redusere den. Det er det eg fryktar med tida også vil skje med Sparebanken Møre sin filial på Hellesylt. Ei gradvis svekking av tilbodet (som vil få som konsekvens at færre kjem til å bruke banken sine tenester) gjer at det i neste sving er mykje lettare å berre legge ned heile avdelinga. Det er kanskje lønsamt i eit kort perspektiv for eigarane av Sparebanken Møre, men noko de på sikt vil kome til å tape på.
Sparebanken Møre avdeling Hellesylt er ikkje berre ein bank. Det er ein del av bygda og av fellesskapen. Sparebanken Møre avdeling Hellesylt er sårt tiltrengde arbeidsplassar i ei bygd, men aller viktigast er rolla banken spelar i å vere ein samfunnsutviklar og pådrivar. Sparebanken Møre avdeling Hellesylt sitt engasjement for frivillige lag og organisasjonar er hovudgrunnen til at eg og mange med meg framleis er kundar i Sparebanken Møre sjølv om vi for lengst har flytta frå både Hellesylt og Sunnmøre. Det er ikkje fordi vilkåra til Sparebanken Møre er så gode, for det er dei faktisk ikkje, men det handlar om den oppfølginga vi får frå dei tilsette på Hellesylt, det at banken er open når vi er heime, at vi kan slå på tråden og få hjelp når vi treng det av nokon vi kjenner og stolar på, men mest av alt fordi vi veit at banken på Hellesylt er der for dei som framleis bur der, og for bygda vår som vi alle er så glade i.
Vi er mange som kjem til å følgje med framover på kva de i Sparebanken Møre gjer med avdelinga på Hellesylt. Eg håpar de vil tenkje dykk om ein ekstra gong før de byrjar nedbygginga av ein bankfilial som betyr så mykje for bygda og folket som kjem der ifrå. Mitt lojalitetsforhold ligg hjå Sparebanken Møre avdeling Hellesylt, ikkje hjå Sparebanken Møre, og den dagen de riv ned dette tilbodet vil eg, og mange med meg, ta med oss både lån, sparepengar, aksjar og fond, pensjonssparing og så vidare til andre bankar.
Heldigvis er det aldri for seint å snu. Eg vonar også Sparebanken Møre vil gjere det i denne saka. Sparebanken Møre er avhengig av kundane sine, og når de får tenkt dykk litt om så håpar eg de er villige til å innsjå at det ikkje er verdt å risikere å miste dei mange gode kundane, både i næringslivet og i det private, som er tilknytt Sparebanken Møre avdeling Hellesylt.
Med venleg helsing,
Karl Kristian Langeland,
Utflytt Sunnylving og kunde hjå Sparebanken Møre avdeling Hellesylt.