Lokalnytt

Samling i kyrkja nyttårsaftan

«Dugnadsfolket» stilte på og det vart gudsteste i Sunnylven kyrkje på nyttårsaftan også i år. Her er tekstlesarar, Inghild Storstein, Astrid Ringdal og Ingebjørg Sårheim

Rundt 50 personar tok turen til Sunnylven kyrkje nyttårsaftan der det var gudsteneste slik tradisjonen har blitt dei siste tjue åra.

Alle foto: Gunnar Fivelstad.

Litt regn og vind gjorde at fakkeltoget frå sentrum om omsorgssenteret til kyrkja vart sløyfa i år. Men til kyrkja i Sunnylven kom fleire, rundt femti unge og eldre, både fastbuande, folk heime i bygda på juleferie, og også frå nabobygder til Sunnylven.

Som vikarierande prest stilte Ann Kristin Langeland på og heldt preika, og vikar på orgel var Gunnhild Overvoll. Ho spela også på piano til songar med Kristin Storstein.

Vikarierande prest i Sunnylven kyrkje på nyttårsaftan var Ann Kristin Langeland.
Kristin Storstein gleda kyrkjelyden med tre songar. Ved pianoet Gunnhild Overvoll.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380