Notiser

Skadar på Røyrhusvegen

Vatn hadde yrt vekk deler av Røyrhusvegen natt til tysdag, men privatbilar kunne passere. (Foto: Trond Åge Dyrkorn)

Med fulle veggrøfter av snø og mykje nedbør som regn fekk vegen til Røyrhus betydelege skader natt til 21. januar. Det hindra mellom anna skuleruta i å kome fram.

Skuleruta var på veg til Røyrhus til vanleg tid tysdag, men kom ikkje fram då vegen hadde fått skadar av mykje nedbør. Privatbilar kunne passere skadestaden og tok med skuleborn. -Eg måtte rygge langt for å snu, fortel sjåfør på skuleruta Trond Åge Dyrkorn som trass problema rakk starten på skuledagen på Hellesylt.

Røyrhusvegen er kommunal, skaden er varsla, og reparasjonsarbeidet skal vere i gong får hellesylt.info opplyst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380