Skaut ein hjort meir enn i fjor

Hjortejakta i Stranda vart avslutta 23. desember i fjor. Resultatet vart eitt dyr meir felt enn i fjor.

Dei fleste rapportane frå hjortevald sist haust er komne inn, og totalt for Stranda kommune vart det skote 463 dyr under hjortejakta 2019, ein meir enn året før. Det fortel Asle Johan B. Konnerth som fører statestikken.

I Sunnylven har jakta vore god, både Øvre Sunnylvsbygda med 81 felte dyr, og Nedre Sunnylvsbygda der totalt 45 hjort vart skotne. Begge stader har dei fylt tildelte løyver. Også i Langedalen er det mykje hjortekjøt i frysarar der jegerar skaut 86 dyr.

I vår oversikt manglar fellingsrapportar frå nokre av hjortevalda, mellom anna Geiranger, men vi presenterer dei vi fann på postliste til Stranda kommune: Fausadalen 21, Habostaddalen 15, Helstad 23, Oaldsbygda 12, Langedalen 86, Stranda Nord 34, Vike 1, Øver Sunnylvsbygda 81, Blomberg 1, Bygda 23, Drege 2, Nedre Sunnylvsbygda 45, Liabygda 60..

Største hjort vart skote på Hauge i Sunnylven, ein kronhjort som vog mellom 140 – 150 kilo. Det er nok ikkje mange slike rundt om i skogane, trur Konnerth. Han meiner dei fleste felte dyr ligg på vekter rundt 100 kilo. Han fortel at det også er innrapportert ein del såkalla skrapedyr, men ikkje fleire enn tidlegare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380