Skipa selskapet Fjord Nature AS

Helge Kvam Karbø har skipa selskapet Fjord Nature AS med hovudbase på Hellesylt og Sunnylven, men med eit langt større område for aktivitet og naturopplevingar.

Helge Kvam Karbø, 24 år og oppvaksen på Karbø i Sunnylven har skipa selskapet Fjord Nature AS, eit selskapet der naturelskarar får trygg guiding til opplevingar både høgt og lavt til alle årstider.

Fjord Nature AS vart skipa i september 2019. -Det er artig å bruke naturen og oppleve alle dei flotte inntrykk den gjev, seier Helge Karbø. Han har hatt mange hobbyar opp gjennom åra og vist stort talent både innan idrett og musikk, men det var naturopplevingar som fanga interessa aller mest etter år på folkehøgskule på Voss. Her var det linja friluftsliv og ekstremsport, og seinare i Volda knytte han på utdanninga med naturguide. No går Helge skule i Ålesund og studerer økonomi og marknadsføring.

Opplevingsturisme

Karbø ser eit sort potensiale i naturbasert reiseliv. -Dette har økt mykje dei siste åra, fleire og fleire søkjer etter naturopplevingar, ikkje berre som ekstremsport, men ein guida tur til eksempelvis Skaret oppfor Hellesylt sentrum er ei stor oppleving for mange, seier han. –Folk eg møter snakkar om eit stort uutnytta potensiale i nettopp dette å tilby og vise fram alt det flotte vi har av natur i vårt område. Det ynskjer eg å vere med å presentere. Og sjølv om eg legg mykje av aktiviteten opp kring Sunnylven vil turane også omfatte eit større område, både heile Sunnmøre og kanskje deler av Vestlandet i enkelte tilfelle. Også padling i elvar og på fjorden med kurs, og på sikt sykling er aktivitetar som blir tilbudt gjennom Fjord Nature AS.

Brukar internett

Mange snakkar om at Hellesylt skulle hatt eit hotell for overnatting. For mitt selskap er ikkje det avgjerande, for 90 prosent av aktiviteten blir formidla med operatørar gjennom internett og sosiale media. Og kundane kjem både med bil, bussar, med ferja mellom Hellesylt og Geiranger, og med hurtigbåt på Hjørundfjorden frå Ålesund til Øie, fortel Helge Kvam Karbø. –Men for all del, sjølvsagt hadde det vore flott å ha eit hotell på Hellesylt, legg han til.

Lokale for basen

Helge håper han finn eit lokale på Hellesylt som base for drifta, Han jobbar med fleire alternativ, men no i startfasen er økonomi og storleik på husleiga ein begrensande faktor, seier han. Karbø har hatt samtalar med eigar av Villa Norangdal, hotellet på Haugen i Nibbedalen om eit samarbeid. Å tilby opphald med overnatting, mat, og guida turar kan bli ein realitet her. Også samarbeid med selskapet Bonseye som har fleire båtar for transport etter sjøvegar er diskutert.

Får hjelp om det trengs

Karbø ønskjer å samarbeide tett og skape aktivitetar også for lokalbefolkninga. Og ein ting er han sikker på. Det er dei som veks opp i bygda som blir dei beste naturguidane, til å vise turistane rundt, så han håper å kunne hyre inn fleire etter kvart. Til no er han einaste tilsett i selskapet, men han har personar som tek oppdrag med guiding om det trengs, og om han får selskapet til å gå som han håper på, vil personar bli fast tilsett, seier han.

Allsidig oppvekst

-Alle dei tinga eg har drive med tidlegare har eg hatt god nytte av i det eg held på med no, seier Helge. Han hadde mange interesser i oppveksten i Sunnylven, i musikk der han spela i skulekorpset, han lærte seg å blåse på neverlur, og spele fele. På fotballaget til Sunnylven vart det mange kampar og mange mål, og i skiløypene gjekk det fort med fleire topplaseringar både i langrenn og skiskyting, Høgdepunktet var nok sølvmedalja i junior-NM skiskyting i Steinkjær 2013. No satsar 24-åringen mot nye mål og høgdepunkt i eige selskap.

Fjord Nature AS

Helge Kvam Karbø, mob. +47 417 58 796

helge@fjordnature.com

www.fjordnature.com

Helge Kvam Karbø er også ein røynd «himmelflygar». Her saman med tre andre som kom trygt ned på Hellesylt stadion under Hellesyltdagane 2018. Frå venstre Helge Kvam Karbø, Marius Bøstrand, Miriam Røykås og Karl Martin Furset. Dei reklamerte for Det store andesleppet i Hellesyltfossen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380