Søkjer etter mannskap på Hellesylt cruisekai
Ein ny cruisebåtsesong nærmar seg, og gjennom annonse søkjer Stranda Hamnevesen KF om mannskap med arbeidsstad Hellesylt cruisekai.
Det er berre litt over to månader til fyrste cruisebåt kjem til Geiranger. 23. mars kjem Le Bellot inn Verdsarvfjorden som aller fyrste turistbåt sesongen 2020. Vel ei veke seinare, 2. april kjem AIDAAura som også legg til ved Hellesylt cruisekai før Geiranger. Cruiselista til Stranda Hamnevesen KF viser 211 anløp til Geiranger, og 135 til Hellesylt i 2020.
Gjennom annonse søkjer no Stranda Hamnevesen om mannskap med arbeidsstad Hellesylt cruisekai. Dei ynskjer flest mogleg tilsette frå nærområdet. Annonsa er å sjå på heimesidene til Stranda kommune og Stranda Hamnevesen KF, og blir presentert her;
(Sjå annonsa her)
Stranda hamnevesen KF:
Søkjer etter båtførar og øvrig personell med arbeidsstad Hellesylt cruisekai i 2020
*Båtførar må ha min. fritidsskippersertifikat- D5L.
*Du må vere innstilt på ei fleksibel arbeidstid og arbeidsoppgåver som kan vere fysisk tunge.
*Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig.
*Du bør beherske engelsk.
Hovedtyngda av all trafikk over Hellesylt cruisekai, er cruiseskip i perioden april – oktober.
Vi viser til http://www.stranda-hamnevesen.no/cruise-calls
Kortfatta søknad med CV sendast på e-post til hamnevesenet@stranda.kommune.no
Søknadsfrist onsdag 26.01.2020.
For meir opplysningar angåande stillingane, ta kontakt med:
driftsleiar Inge Hole, tlf. 464 11 131, eller hamnesjef Rita Berstad Maraak, tlf. 464 11 113