Sparebanken Møre med endringar for Stranda og Hellesylt

Sparebanken Møre flytter til nye banklokale på Stranda i midten av februar. I samband med flyttinga blir det nokre endringar for banken sine kontor på Stranda og Hellesylt.
Frå midten av februar flytter Sparebanken Møre inn i nye lokale på Stranda. Ved dei nye lokala får banken gode tekniske løysingar og det blir betre tilkomst for publikum.
Banksjef i Sparebanken Møre, Kjell Martin Ringset blir leiar for kontora både på Stranda og Hellesylt. Stig Tryggestad, som har leia kontoret på Hellesylt og i tillegg har hatt ansvar inn mot eit betydeleg antall næringslivskundar, går over i stilling som bransjeleiar for landbruk. Tryggestad vil framleis vere tett knytt til kontora på Stranda og Hellesylt.
Banksjef Ringset opplyser at når det gjeld kontoret på Hellesylt skal det vidareførast med same tenestetilbod som tidlegare. Det blir færre dagar open bank i veka, men det vil bli høve for kundar å avtale tid for samtalar og rådgjeving også utanom faste opningstider.
På Stranda blir banken sine lokale utforma etter Sparebanken Møre sitt nye kontorkonsept. Kontoret blir eit fullservice rådgjevingskontor med døgnopen automatsone for både minibank og innskotsautomat. Ringset trur at bankkontora framleis blir ein sentral møteplass mellom kundar og banktilsette.
– Vi må heile tida tilpasse oss både kundane sine behov og den øvrige samfunnsutviklinga. Teknologi skal ikkje konkurrere ut menneskeleg kontakt, så difor tilbyr vi møte med kundar også utanom ordinær opningstid. Vi i banken ønskjer alltid å vere tilgjengeleg for kundane våre, seier banksjef Kjell Martin Ringset.