Stranda Hamnevesen får nytt styre

Per Erik Dalen var styreleiar i Stranda Hamnevesen KF fram til juni 2016. Her under opning av Hellesylt cruisekai 17. mai 2012.

Det blir fleire nye medlemer ved val av styret for Stranda Hamnevesen KF under kommunestyremøtet onsdag 29. januar.

Per Erik Dalen tek over som styreleiar etter Olav Bratland om valnemnda sitt framlegg til styre blir vedteke av kommunestyret på møte komande onsdag. Vala gjeld for perioden 2020 – 2023. Dalen kjenner oppgåva han er tiltenkt frå tidlegare. Mellom anna leia han hamnestyret då Hellesylt opna cruisekai i 2012, og fram til juni 2016 då Olav Bratland tok over styreleiarklubba.

Styret i Stranda Hamnevesen skal bestå av sju medlemer, leiar og nestleiar skal veljast særskilt, og i tillegg fem styremedlemer, med varamedlem i rekkefylgje.

Framlegget til kommunestyret til nytt styre for Stranda Hamnevesen KF er:
Per Erik Dalen, leiar,

Frank Sve, nestleiar,

Styremedlemer: Stein Lystad, Randi Sæter, Torill Ansnes, Svein Erik Rimstad, (eitt styremedlem manglar)

Varamedlem: 1. Per Wille

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380