Lokalnytt

Vil kartlegge interesse for fiber blant eigarar av hytter og fritidseigedomar.

Moderniseringsdirektør i Telenor Arne Quist Christensen og ordførar Jan Ove Tryggestad med signert avtale om breibandutbygging. Bak frå venstre rådmann Åse Elin Hole, regionsjef John-Niklas Handberg, næringssjef Inge Bjørdal og IKT-leiar Gunnar Sårheim Fivelstad.

Stranda kommune har som kjent inngått kontrakt med Telenor for å bygge ut høghastigheitsbreiband i Sunnylven. Dei som har husstandar med registrert matrikkelnummer har kunne bestilt breiband og tv frå Telenor på bestillingssida: https://fiber.telenor.no

No ynskjer Stranda kommune å få tilbakemelding frå eigarar av hytter og fritidsboligar i Sunnylven om desse også er interessert i å kople seg til.


Kontrakta mellom Stranda kommune og Telenor vart underskriven i juli og det har vore halde folkemøte på Hellesylt med god oppslutning.

Telenor vil tilby eit høghastigheits breibandsnett basert på ei løysing med fiber (FTTH/FTTB) til den
enkelte husstand, bedrift og offentlige bygg i områda som viste i skissa under.

polygon sunnylven

FTTH (Fiber To The Home) infrastruktur er ei løysing som legg til rette for triple-play-tenester frå Telenor Norge:

– Breiband
– Telefoni
– TV

Utbygginga i Sunnylvsbygda, Langedalen inklusiv Røyrhus og Nibbedalen vert delvis finansiert av NKOM-midlar. Desse midlane kan berre brukast til å finansiere utbygging av breiband til fastbuande. Hytter og fritidsboligar i og utanfor området, samt husstandar og bedrifter i tilliggande område vil likevel også kunne få tilbod om fibertilkobling. Dette er avhengig av plassering og Telenor vil gi tilbod til desse på førespurnad.

Hytter og fritidsboligar vil ha same abonnementsvilkår som husstandar men må rekne med reelle etableringskostnader (dvs. utan offentleg tilskot) som altså vil vere avhengige av plassering.

Om dette er av interesse vil Stranda kommune spele inn di interesse til våre kontaktpunkt i Telenor. Då vert dette videreformidla til teknisk avdeling i Telenor for økonomisk kalkyle og vi får sjå om vi kan få synergiar av den planlagde utbygginga også for dykkar del.

På lik line som for fastbuande vil det ved utbygging verte lagt fiber fram til tomtegrense. Dersom kunden ikkje har framføring frå tomtegrense til bustad, anten ved rør eller luftstrekk, må dette kostast av kunden.

For å melde di interesse tek du kontakt med Stranda kommune på e-post: breiband@stranda.kommune.no

For Stranda kommune.
Gunnar Sårheim Fivelstad
IKT-leiar

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info