Lokalnytt

-You`ll never walk alone-

Her viser Heidi fram pledet som ho har strikka, ei gåve til barnebarnet som snart fyller sju år.

Ho eig og driv bedrifta Søm Service på Hellesylt og syr det meste, men Heidi Melvoll Hauge kan også å strikke. Eit pledd med fotballklubben Liverpool er det siste arbeidet.

Heidi Melvoll Hauge flytta systova si frå Hellesylt sentrum til eit tilbygg til bustadhuset heime på Hauge. Søm Service produserer det meste av syarbeid, mellom anna gardiner til hurtigrutene.

Når Heidi ikkje har jobba ved symaskina har ho det siste året strikka og strikka, noko som har blitt eit stort, varmt pledd på 1.25 gange 1.40 meter. Det har gått med nær 30 rullar med garn, fortel ho. Og storarbeidet som nyleg vart ferdig er både flott og spesielt, og har logoen til Liverpool, ein av England sine gode fotballklubben som motiv.

-Du må vere fotballinteressert og spesielt i Liverpool, antyder vi. Men nei, det er ikkje Heidi. Ho er ikkje fotballinteressert i det heile, men det er fleire andre i familien. Både mannen Ivar, sonen, svigersonen og fleire er Liverpool-supporterar, så då vart det slikt motiv. Og truleg blir også barnebarnet Mikkel ein ivrig supporter etter at han får pleddet. Det er nemleg ei gåve til han på 7års-dagen, får vi oss fortalt. Heldige han, seier vi.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380