Årsmøte i Hellesylt Ungdomslag

Årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag vart halde på Hellesylt Boutique & Bar. På bildet leiar Marianne Fivelstad t.v. og kaffebareigar Ellen Fivelstad.

Til årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag hadde valnemnda ein lett jobb i år. Marianne Fivelstad held fram som leiar, og i gruppestyra vart det berre mindre endringar.

Hellesylt Ungdomslag har hatt ein nedgang i medlemstalet på 20 og har no 121 betalande medlemer. Men laget, skipa i 1904 har sin plass i bygda og er vel omtykt. På faste arrangement var det god oppslutnad og alle kom ut med overskot med unnatak av underhaldningskvelden 17. mai.

Arrangement under Sommardagane, den årlege Grendakvelden, og 4. juledag på samfunnshuset er dei største årlege tilstelningane til Hellesylt Ungdomslag..

Kyrkjekonserten under Sommardagane arrangerte HUL saman med Sunnylven sokneråd. Artisten Ingebjørg Brattland samla fyllsett kyrklje, står å lese i årsmeldinga. HUL var også ansvarlege for Det store andesleppet i Hellesyltfossen.

Aktivitet i gruppene

I undergruppene til laget var Barnelaget og dansegruppa aktiv. Det vart dansa på Dansens dag, på 17. mai, under Sunnmørsstemne på Vatne, og i Sunnylven kyrkje under hausttakkefest. –At leikarring med dans er populære saker er det liten tvil om når ein ser alle forespørslane vi har fått om å danse, les vi frå årsrapporten. Fleire er nemnt, mellom anna å danse på cruiseskip.

Teatergruppa kom ikkje i mål med skodespel til 4. juledag i fjor. Det var for få mannlege aktørar som kunne stille. No stiller teatergruppa spørsmål om framtida, -er det ikkje liv laga med teater på Hellesylt meir? Skal vi legge ned teatergruppa i HUL?. I alle høve vart det valt styre for teatergruppa også for det komande året, så då er der vel eit håp om nye framsyningar med HUL-teatret.

Badehusstyret vurderer bygging av eit toalettanlegg på badestranda. Saka vart drøfta på årsmøtet, og badehusstyret fekk fullmakt til å jobbe vidare med denne saka. Vi kjem med eiga sak om dette.

For 2019 kom laget ut med eit overskot på 182.000.- mot eit underskot på 58.000.- for året før, viste rekneskapen.

Berre eit fåtall av laget sine medlemer møtte på årsmøtet, som gjekk unna på to timar.

Aktivitetsplan

På årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag vart det vedteke ein aktivitetsplan for 2020. 15 punkt er sett opp, mellom anna ungdomsfest med invitasjon til Hornindal og Stranda, Grendakveld laurdag 4. april med Sjøarane, Dansens dag, dans 17. mai, kanskje dans også for ei gruppe amerikanarar i Geiranger i mai, pubkveld, sjokoladekappleik, solsnubading, og teater 4. juledag. Og sjølvsagt dei faste arrangementa under Sommardagane.

Val.

Hovudstyre: Marianne Fivelstad, leiar, Randi Sæter, Wenche Solli, Kim Sture Flo, Elisabeth Hauge (ny)

Varamedlemer: 1. Margreta Janssen, 2. Synnøve Kjellstad. 3. Grete Bjørdal.

Barnelaget: Rita Røyrhus, Lisbeth Lervik, Venche Høgalmen Ringdal (ny), Lillian Støverstein (ny). Styret konstituerar seg sjølve.

Teatergruppa: Linn Kammen, Anne Marie Sømoen Frøysa, Karl Johan Espe, Solveig Espe (ny), Oliver Kjellstad (ny). Styret konstituerar seg sjølve.

Badehusstyret: Asle Ringdal, leiar. Even Bjørneseth, Tarjei Korsbrekke, Inge Korsbrekke, John Ringdal (ny).

Valnemnd: 1.Per Kjell Leite, 2. Knut Dag Langeland, 3. Egil Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380