Årsmøte i Sunnylven pensjonistlag.

På årsmøtet i Sunnylven pensjonistlag blir det vist ein film om utviklinga til kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS, frå starten og det fyrste «klimarommet» på den nordvende løeveggen (bildet) på Ringdal, til i dag på Ragnhildholmen på Hellesylt. (Foto: Ole Ringdal AS)

Fredag 14. februar held Sunnylven pensjonistlag årsmøte i kantina til Ole Ringdal AS. I tillegg til vanleg årsmøtesaker blir det programinnslag, åresal og servering.

Sunnylven pensjonistlag har funne seg nytt møtelokale til årsmøtet denne gongen. Kantina til Ole Ringdal AS er stor og rømeleg så her er god plass til alle i laget. Det er inngang til kantina frå sjøsida.

Saklista til årssamlinga inneheld vanlege årsmøtesaker. Som programinnslag har styremedlem Håkon Hasle «ord for dagen», og det blir vising av film og bedrifta Ole Ringdal AS frå starten i 1937 og fram til i dag. Serveringa er kaffi og karbonadesmørbrød. Og etter det hellesylt.info er kjent med har valnemnda hatt ein grei jobb og legg fram forslag på attval av heile styret.

Sunnylven pensjonistlag har rundt 120 medlemer. Styret ønskjer alle hjarteleg velkomne til årsmøtet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380