Lokalnytt

Attval i foreininga Sunnylven samfunnshus

Tor Arne Tryggestad tok attval som leiar i foreininga Sunnylven samfunnshus.

Tor Arne Tryggestad tok attval saman med resten av styret då foreininga Sunnylven samfunnshus heldt årsmøte denne veka. Drifta av samfunnshuset kom ut med vel 10.000.- kroner i overskot for 2019.

Det var svært dårleg frammøte på årsmøtet til Sunnylven samfunnshus, men møtet vart ryddig gjennomført og sakene klubba gjennom utan større diskusjon. Også alle val vart gjort samrøystes og utan endringar.

Val

Styreleiar Tor Arne Tryggestad, nestleiar Inghild Storstein, kasserar Gunn Iren Tryggestad, sekretær Eivind Louis Helset og styremedlem Olav Andreas Sætreås.

Varamedlem: Egil Røyrhus, Olveig Frøysa, Per Ottar Alme.

Revisor: Oddbjørg Stadheim

Frå årsmeldinga kan ein lese at det vart kjøpt inn ti nye bord i 2019 til bruk i Fossedursalen. Leigeinntektene var på 62.000.- eller om lag som året før. Investeringar som ventar er ny foldevegg mellom den store og den vesle salen, og elles ventar ein på utbetringane av heile bygget med tetting av tak, og skifting av vindauge og dører.

Saknar Informasjon

-Vi saknar informasjon frå kommunen om kvar arbeidet med rehabilitering står, sa Tor Tryggestad. Styret sende brev til kommunen i april i fjor der vi peika på at både gymsalen og «Fossedursalen», som blir brukt dagleg som kantine for elevane er ein del av Sunnylven skule. Vi bad om tilbakemelding på planane når dei låg føre, men har ikkje fått svar, sa Tryggestad.

Utleigeprisar

Når det gjeld utleigeprisane for Sunnylven samfunnshus vart punktet om fritak for utleige ved «Ikkje inntektsbringande arrangement» stroke. Utleigeprisane for 2020 er:

Arrangement heile huset, 3.100.- Kjøkken 1200.- Fossedursalen 900.- Storsalen 1000.- Videoutstyr/Caelivegg 400.- Treningar utan kjøkken 300.- Sommardagar på Hellesylt frå torsdag 16.00 til måndag 12.00, 10.000.-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380