LokalnyttLokalsport

Beste dame i Tverrfjelldilten

Anniken Hjellbakk Hole viste storform og vann kvinneklassa i Tverrfjelldilten søndag 9. februar. (Foto: Privat)

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL har delteke lite i renn i vinter, men har ikkje lagt langrennskia på hylla. I Tverrfjelldilten søndag vann ho kvinneklassa suverent.

Anniken Hjellbakk Hole deltok i sitt fyrste renn denne vinteren søndag 9. februar då ho stilte til start i Tverrfjelldilten, eit 40.0 km langt renn med start og mål på Ullsheim i Markane i Stryn. Løparane gjekk to sløyfer på 20.0 km. kvar. Forholda under rennet var greie, det var mildt og klisterføre, men lite regn og vind, fortel ho.

Anniken Hjellbakk Hole har tidlegare antyda at det kan bli deltaking i Birken også i år, alt etter kor god forma blir. Ho jobbar ved Muritunet, og i langrennsbygda Valldal har det vore greie forhold for trening med snø stort sett heile vinteren eit stykke fram i dalen, fortel ho. Mykje tyder på at treningsopplegget har klaffa, og at det blir ny deltaking i Birken 21. mars i år.

Ingen i kvinneklassa følgde Sunnylven IL sin einaste deltakar i rennet. Vinnartida til Anniken i Tverrfjelldilten som gjekk i klassisk stil var 2.08.07.2. Ho var 7.42 føre Bodil Vartdal Ryste, Gaular IL på andre plass. I herreklassa vann Andre Haugsbø, Gaular IL på 1.49.03.8.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380