For 35 år sidan

-Eit plutseleg innfall med lukkeleg utfall !

-Eit plutseleg innfall med lukkeleg utfall !

Hans Holmøyvik, til dagleg lærar ved Sunnylven skule, vart den første som klatra heilt til topps i «Lørdagsbilaget» si pyramide, og sikra seg og kona Anne Marie gratis tur til Egypt og fritt opphald der ei veke. På vegen «opp pyramiden» tok Hans og med seg eit svart- kvitt TV og eit flott stereo-anlegg i premie.

  • Det var berre eit plutseleg innfall som fekk meg til å ringe.

Eit innfall som altså fekk eit svært så heldig utfall.

11 21 32 – Er eg komen til NRK undrar ein spent Hans Holmøyvik.

Til topps i «Pyramiden» i «Lørdagsbilaget» : Hans Holmøyvik vann tur for to til Egypt.

Først i det fjerde programmet i «Lørdagsbilaget» sin spanande konkurranse om å klatre til topps i pyramiden og sikre seg ein tur til Egypt, lukkast det ein innringar å nå dette målet. Og den heldige og dyktige var Hans Holmøyvik. Han klarte først å løyse rebusen som førte fram til det hemmelege telefonnumeret inn til studio. Og då han og mest utan nøling svarte korrekt på dei to spørsmåla som vart stilt han i studio, kunne ein rørt programleiar Karin Julsrud gratulere med Egypt-tur, og jubelen braut laus i stova heime i Holmøyane.

Rebusen som førte fram til telefonnummeret 11 21 32 var ikkje spesielt lett å løyse. Og Hans Holmøyvik måtte og gjere greie for korleis han kom fram til desse tala før han slapp inn i studio på telefonen. Gevinsten så langt var eit svart-kvitt TV-apparat. For å kome vidare oppover i pyramiden, var første spørsmålet kva land som har ein fjernsynsfri dag. Svaret frå Holmøyvik var rett: Island har ikkje fjernsynssending torsdagar.

Etter dette svaret kunne så Hans velje seg ein boks i pyramiden å åpne. Men her vart han sett på prøve. 3000 kroner vart han boden om han berre ville trekke seg ut av konkurransen.

Men dette er ein gambling kveld, sa Hans og valde å opne luka. Her låg eit flott stereo-anlegg, som var hans om han ikkje gjekk vidare. Men som han tapte om han valde å sikte mot toppen og ikkje klarte det siste spørsmålet. Men Hans ba om det siste spørsmålet og det var heller vanskeleg: Kven fekk Nordisk Råds Litteraturpris i år. – Då for det gjennom meg at no er alt tapt, fortel Hans – men så rann det i meg: Tuuri frå Finland ! Og det var ikkje vanskeleg å høyre på programleiar Julsrud si røyst at dette svaret var ein fulltreffar.

Ellevill jubel.

Heime i stova i Holmøyane vart det sjølvsagt ellevill jubel, og seinare på kvelden stod ikkje telefonen. Vennar, grannar og kjentfolk ringde og ville gratulere. Aviser og radio ringde og avtalte tider for intervju og den første journalisten innfann seg alt same kvelden, fortel Hans som for eit par dagars tid verkeleg fekk kjenne kva det vil seie å vere i sentrum for media si interesse.

Hans Holmøyvik veit ikkje enno kva tide vert tur. Det vil bli avtala med NRK denne veka, men det er i alle fall klart at det blir kona Anne Marie og han som får denne eventyrlege turen til Egypt, der reise og opphald er dekt for ei veke.

Faksimile frå Sunnylvingen 6. februar 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info