LokalnyttNotiser

Finale i miniatyrcupen

Fv. Martin Nykrem ,Ola -Johan Dybvik, Ask Årsæter, Isak Frøysadal Hauge

Finalane i Miniatyrcupen for Sunnmør Skyttarsamlag på 15 m innandørsskyting har vorte arrangert denne veka.

Tekst/foto: Sunnylven skyttarlag

Seniorane  i kl 3-5 konkurrerte på Stranda Skyttarlag si bane på tysdag. Her var det 2 skyttara frå Sunnylven som var kvalifisert for finaleskyting. Best av sunnylvingane vart Kristian Frøysadal Hauge  på 7. plass med 243 poeng  på innleiande 25 skot og 99,1 poeng i finalen og  totalt 342,3 poeng. I den avsluttande finalen på 5 skot kne og 5 skot ståande enkelskot telte desimala med i poengsummen totalt. Ivar Fivelstad vart nr 13 med poengsummen 235 + 99,1  og totalt 334,1poeng

Vinnaren i senior kl 3-5 vart Trine Ramsvik Stette, Engesetdal og Skodje Skyttarlag  med poengsummen 247+102,5 og totalt 249,5 poeng. Sølvet gjekk til Jo Voldset Salthammer, Vestnes Skyttarlagmed pengsummen 346,8. Bronsa gjekk til Karoline Hansen, Ørskog Skyttarlag 343,3.eo.

Finalane for ungdom vart arrangert av Sunnylven Skyttarlag tysdag. Her og telte desimala med på dei avsluttande siste 10 skota.

Rekruttklassa vart vunne av Teodor Klokset Lilleng frå Engesetdal og Skodje Skyttarlag med 350,1 poeng. Nr 2 vart broren Jonatan Klokset Lilleng med 341,9 poeng. Olve Gjerde frå Langevåg Skyttarlag med poengsummen 324,9 tok bronsemedalja.

Eldre Rekruttklassa  vart vunne av Sunnylven sin Ørjan Frøysadal Hauge med 249+103,4 og totalt 352, 4 poeng. Sølvet gjekk til Stranda sin skyttar Linnea Grønningsæter med 246 + 102,8 totalt 348,8 poeng.Her vart Lina Riksheim frå Hovdebygda og Ørsta nr 3 med 346,5 og Felix Grønningsæter frå Stranda nr 4 med 331,8 poeng

Klasse Junior vart vunne av Ola – Johan Dybvik Langevåg Skyttarlag  med  248+103,3 og totalt 351,3 poeng. Sølvet gjekk til Sykkylven sin Martin Nykrem med 247+ 103, 3 og totalt 350,3. Bronsa vart vunne av Ask Årsæter frå Vartdal skytterlag med 344,2.Sunnylven sin Isak Frøysadal Hauge vart nr 4 med 343,6 poeng.

Fv. Linnea Grønningsæter, Ørjan Frøysadal Hauge, Lina Riksheim, Felix Grønningsæter

 

Sunnylven Skyttarlag

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380