Fyrste renn fekk god deltaking

Skigruppa korta inn løypelengda. Her blir løparane informert.

Fyrste Sunnylvscup på ski denne vinteren vart arrangert i Hyttehola skianlegg torsdag 6. februar. I alt 59 jenter og gutar deltok i rennet, både med og utan tidtaking.

Det er unormalt lite snø i skiløypene i Hyttehola i vinter. Men torsdag 6. februar var der nok til å arrangere det fyrste cuprennet denne vinteren, og når veret også var på lag med arrangøren vart det eit flott og godt gjennomført renn. Til og med månen kom fram og «heia» unge jenter og gutar gjennom løypene over varierande distansar.

Største deltakargruppe var som vanleg 7 år og yngre. I dei andre årsklassene gjekk dei fleste utan tidtaking denne gongen. Rennet gjekk i fristil.

Her går det mot mål for Sofie Sæter Hole og Oliver Sæter Hole. Og så var det saft frå arrangøren.

Resultat Sunnylvscup på ski 06. februar 2020.

7 år og yngre:

Vetle Støverstein, Marte Brenne Ringdal, William Støverstein, Alma Hole Flo, Henrik Hole Flo, Sofie Sæter Hole, Oliver Sæter Hole, Leonard Sundgot, Saga-Emilie Frøysa, Eline Aaland Furset, Emma Korsbrekke, Trym Tryggestad, Kasper Tryggestad Røyr, Tobias Tryggestad Røyr, Vilde Fivelstad Stadheim, Sevrin Schreijer, Lone Malene Røyrhus-Langelo, Teodor Sundgot, Sakarias Helset Ringdal.

8 år: (1 runde)

Fredrik Fivelstad Stadheim, Ane Brenne Ringdal, Erle Kvamme Rusten.

9 år: (1 runde)

Therese Støverstein, Kai Adam Røyrhus, Siril Kjellstadli, Tuva Korsbrekke, Ea Schreijer.

10 år: (1 runde)

June Tronstad, Christine Tronstad, Tora Kvamme Rusten, Elias Røyrhus.

11 år: (2 rundar)

Sune Frøysa 5.48, Siv Anita Nessan Aasheim 7.11, Oskar Ringdal 4.22, Ari Kjellstadli, Sina Helen Frøysa, Sander Sjåstad Hole 4.29, Ingeborg Fivelstad Stadheim 5.15, Marta Friestad 5.21, Kristen Brenne Ringdal 5.36, Joen Schreijer 4.00.

12 år: (3 rundar)

Trym Helset 6.31, Ronja Mari Tronstad.

13 år: (3 rundar)

Linus Frøysa, Selma Sjåstad Hole, Kristin Langeland, Marie Storstein Forbord, Sine Schreijer,

Sofie Kjellstad 6.27, Tonje Støverstein 6.49, Johannes Friestad 7.25.

14 år: (3 rundar)

Nikoline Frøysa Hellebostad 6.16

15 år: (3 rundar)

Lone Ringdal, Hanne Kjellstad, Sverre Martin Røyrhus, Ådne Kjellstadli, Elias Helset 5.08, Sofie Støverstein 5.45.

Elias Helset gjekk tre rundar. Det gjekk unna til dagens raskaste tid.

Hyttehola fleirbruksanlegg

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380