LokalnyttLokalsport

Går lange renn som trening til Birken

Olav Erling Aaland gjekk inn til 17. plass i Markatrimmen. (Foto: Privat)

Olav Erling Aaland, Sunnylven IL (M 21 – 30) deltok i den 42.0 km. lange Markatrimmen ved Trondheim laurdag 1. februar. Det vart ein flott 17. plass mellom 190 som fullførte rennet.

Olav Erling Aaland bur og jobbar i Trondheim, men representerer Sunnylven IL i langrennsløypa. No spissar han forma mot ny deltaking i Birken, den 54.0 km. lange styrkeprøva mellom Rena og Lillehammer med 3.5 kg. på ryggen.

I fjor gjekk Olav Erling Aaland for fyrste gong, og det skulle ikkje bli siste gong, etter det vi forstod han etter rennet då. No har vi fått bekrefta frå sikkert hald at han har meldt seg på til rennet laurdag 21. mars. Kanskje blir det ny bestetid også om ver og føre blir bra. I fjor kom han i mål på 3.04.26.

I det 42.0 km. lange Markatrimmen laurdag 1. februar vart det ein sterk 17. plass, 11.52 etter den suveren vinnar av rennet, Kornelius Grøv, Byåsen skiklubb. Han var 4.31 min. føre nr. to.

Også Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er i god trening for lange styrkeprøver.  Søndag 9. februar testar ho forma i Tverrfjelldilten, og går det brukbart utelukkar ho ikkje at det bli ny deltaking i Birkebeinarrennet også i år.

Olav Erling Aalang og Anniken Hjellbakk Hole deltok i Birken i fjor. Dei blir truleg på start også i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380