For 35 år sidan

Gjev plass for nybygg.

Sunnylvingen 20.02.1985.

Tømmerhytta som Asbjørn Saarheim & Co har nytta som lokale for Hellesylt Kiosk & Gatekjøkken er no fjerna frå tomten og førebels lagra for sal. På tomten skal det no reisast eit bygg på 106 kvadratmeter som skal romme det nye gatekjøkkenet. Etter planane skal nybygget stå ferdig til sommarsesongen.

Byggestart for det nye gatekjøkkenet.

Frå Sunnylvingen 20.02.1985.

Firma Asbjørn Saarheim & Co, som driv Hellesylt Kiosk og Gatekjøkken, startar ein av dei første dagane med arbeidet på det nye forretningsbygget sitt i Hellesylt sentrum. Det er Gustav & John Hagen i Stryn som skal utføre arbeidet med å reise 1. byggesteg i prosjektet, eit bygg på 106 kvadratmeter i ein etasje. Bygget skal innehalde gatekjøkken.

Asbjørn Saarheim fortel at det i eit andre byggesteg seinare skal kome eit bygg i to etasjar i staden for det gamle «Ringdals-Ole» huset.

Bygget til Saarheim & Co er no fullfinansiert, mellom anna har dei fått lån og tilskot frå DU på til saman 225.000,- kroner. Byggelånsbank er Sunnylven Sparebank, som og skal stå for ein god del av finansieringa.

-Med det nye bygget har vi lagt stor vekt på å bevare det noverande miljøet i gata, fortel Asbjørn Saarheim. Bygget vert oppført i mur, men sjølv om det fordyrar anlegget mykje vil bygget bli kledd med trepanel. Likeeins vil detaljar som t.d. vindauga få ei utforming som står i stil med det gamle huset som det nye gatekjøkkenet skal byggast inn mot.

-Vi har og planlagt eit lite parkareal framfor bygget, m.a. for å bevare den store, fine bjørka som står der, seier Asbjørn Saarheim.

Selskapet har drive Hellesylt Kiosk- og Gatekjøkken i to sesongar, og det er planen at nybygget skal stå ferdig til sommarsesongen tek til, slik at ein unngår avbrot i drifta.

Fasaden slik han vert mot brua.
Fasaden mot gata.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info