LokalnyttLokalsport

Godt arrangert i Hyttehola

Sunnylven IL skigruppa var arrangør av sonerenn og andre renn i Sunnylvscup på ski laurdag 8. februar. I Hyttehola er der lite snø, men nok til at det vart eit vellukka renn.

Fleire varmegrader tina hardt på snøen i Hyttehola, men arrangøren baud likevel på gode løyper til sonerenn og andre renn i Sunnylvscup på ski laurdag. Grunna forholda valde skigruppa å nytte den sydlege delen av lysløypa der det var bra med snø.

Berre 59 løparar stilte til start. Alt for få synest vi, og dei fleste representerte arrangørklubben. Men løparar frå Eid, Emblem, Stranda, Hornindal og Hovdebygda deltok og gjekk fort. Både Joen Schreijer, Stranda i G11, Peter Førde Moen, Emblem i G14, Sine Willemijn Schreijer, Stranda i J13, og ikkje minst junioren Adrian Flote frå Hovdebygda gjekk svart gode skøyterenn. Imponerte gjorde også Magnar Tufte Tysse, Sunnylven i senior på 10.0 km.

Trym Helset, Sunnylven IL.

Også fleire frå arrangørklubben gjekk godt i rennet. Leiar i skigruppa, Hans Hole var litt stolt av Sunnylven IL og eit veksande langrennsmiljø i klubben. I vinter har 8 – 10 løparar i yngre klasser reist på krinsrenn og representert klubben på ein fin måte, fortalde han. Hole rosa foreldra som stilte på både som trenarar og reiste på renn. Han hadde eit håp om at langrennsinteressa skulle ta seg opp igjen, ikkje berre i Sunnylven, men også rundt om i naboklubbar. –Det er veldig kjekt med langrenn så berre fortsett, var oppmodinga frå leiaren i skigruppa.

Hans Hole retta også takk til alle som hadde hjelpt til med rennet, frå løypemannskap til kjøkkenhjelp. Og å vere deltakar i langrenn i Hyttehola må vere eit «eventyr». I tillegg til stor parkeringsplass ligg eit nytt moderande klubbhus med alle fasilitetar like ved start og mål. Betre kan ikkje ein langrennsarena vere.

Alle som deltok fekk premie ved målgang laurdag. I tillegg vart det uttrekspremiar på startnummer til 15 løparar, gåvepremiar både frå skikrinsen og Sparebanken Møre.

Joen Schreijer, Stranda
Adrian Flote, Hovdebygda.

Resultatliste frå sonerenn og Sunnylvscup.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380