Godt heimebrygg frå nytt bryggeri

Brulandselva bryggeri frå Utvik er kåra til Noregs beste nye bryggeri av verdas største ølportal RateBeer.

Ølportalen RateBeer kårar kvart år beste øl, barar, restaurantar, ølsmakarar og dei hundre beste bryggeri i verda. Ølportalen har eit stort antall medlemer og vurdert mykje øl og mange bryggeri, og her vart Brulandselva Bryggeri frå Utvik heidra som det beste nye ølbryggeri i Noreg i 2019.

Kanskje får ølglade også på Hellesylt smake på det prisbeløna ølet frå Utvik. Ved Hellesylt Boutiqe & Bar blir det ølsmaking ein av dei første månadane der mellom anna Brulandselva Bryggeri byr på godt Nordfjordøl. Kaffebareigar Ellen Fivelstad jobbar med å finne høveleg dato, så føl med.

Til stades blir kanskje også talskvinne for bryggeriet, felespelar Britt Pernille Frøholm. Ho har sjølvsagt med seg fela og kjem til å få det til å svinge musikalsk, sikkert med både Kjellstadslåttar og meir. Og det blir gode historier å høyre når det blir ølsmaking på Hellesylt Boutique & Bar, blir vi oss fortalt

Bryggeriet frå Utvik i Nordfjord er overraska og audmjuk over å få denne heideren. Dei brygger øl berre på den tradisjonelle norske ølgjæra kveik, og har fokus på å perfeksjonere det gode, gamle gardsølet frå bygder i Nordfjord, som til dømes Hornindal.

-Dette er ei anerkjenning til oss, men også ein heider til dei som held øltradisjonar i Nordfjord i hevd. Og det er eit bevis på at råøl med kveik er ein ølstil som kan måle seg med pils, belgisk blond og engelsk bitter, seier talsmann for Brulandselva etter at det vart kjent at dei fekk prisen, i ein konkurransen som aldri har vore større enn denne gongen.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380