LokalnyttLokalsport

Gull til Elias Helset i KM skiskyting

KM-vinnar skiskyting G15, Elias Helset Sunnylven IL skiskyting.

Elias Helset, Sunnylven IL skiskyting gjekk heilt til topps i G15 og vart krinsmeister i skiskyting under rennet i Grendadalen, Hornindal. Også andre frå same klubb fekk flotte plasseringar under krevjande verforhold.

Alle foto: Gunnar Fivelstad

Volda Turn & IL stod som arrangør av KM skiskyting laurdag 22. februar, men flytta rennet til skisenteret i Hornindal på grunn av usikre snøforhold i Volda. I Hornindal var der nok snø, men deltakarane kunne nok tenkt seg både mindre snøver og mindre vind. Fleire i konkurransen viste likevel god skyting.

Her er resultat for deltakarane frå Sunnylven IL: KM-medaljer blir tildelt frå 13-årsklasse og oppover.

Elias Helset vart Krinsmester i G-15. Her var det ein del fråfall og berre to deltok i klassa. Elias (3+3) var ca. 2 min. før Isak Andre Berget, Stårheim IL.

Tuva Marie Korsbrekke, Sunnylven IL skiskyting

I klasse Jenter 9-10 år:Tuva Marie Korsbrekke var einaste deltakar i klassa og fekk beste pris. (ho skaut på liten blink for fyrste gong i konkurranse  (4+2)).

I klasse J 11 vart Ingeborg Fivelstad Stadheim nr. 6 (3+0)

I G11 vart Oskar Ringdal nr. 1

I G12 kom Trym Helset på 3. plass.

Alle resultat på: https://live.eqtiming.com/52771#result

J11: Frå venstre Kornelia Trøsken (Markane IL), vinnar Vilja Fuglem (Valldal IL), Olina Svarstad Heggdal (Markane IL), Oda Heltne Tønnesen (Volda Turn og IL), Konstanse Henden (Markane IL), Ingeborg Fivelstad Stadheim (Sunnylven IL), Pia Elise Nybråten (Valldal IL), Anna Nedrelid Vatne (Volda Turn og IL IL).
Oskar Ringdal vann klasse G11 (2+2) framfor Jesper Svarstad Hole (Markane IL) og Birk Karlsen Wold (Volda Turn og IL)
Trym Helset (4+1) vart nr 3 i klassa G12. Vinnar vart Truls-David Takle Tytingvåg (Hardbagg Il) framfor Daniel Hønsvik Vatsaas (Volda Turn og IL). Erik Jonathan Tongsamer Sigdestad (Volda Turn og IL) vart nr. 4.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380