Har behandlingstilbod på Hellesylt

Naprapat Liv Hilde Vågsæter behandlar muskel og leddplager både på Stranda, og her ved omsorgssenteret på Hellesylt.

 

I 2017 starta naprapat Liv Hilde Vågsæter opp med behandlingstilbod av muskel og leddplager på Hellesylt. I kjellarlokalet ved omsorgssenteret er ho på plass og behandlar pasientar kvar tysdag.

Det var etter initiativ frå Sunnylven sanitetslag at naprapat Liv Hilde Vågsæter frå Stranda starta opp behandlingstilbodet på Hellesylt i oktober 2017. Med støtte frå Sparebanken Møre kjøpte laget inn behandlingsbenk og anna naudsynt utstyr til lokalet ved Sunnylven omsorgssenter.

Den fyrste tida jobba ho for Nordvest Naprapatklinikk, men frå 1. mars 2019 starta ho sitt eige firma med klinikkar på Stranda og Hellsylt. Liv Hilde kan om få veker feire eitt-års jubileum for eiga verksemd.

Å drive som naprapat krev god styrke, spesielt for armane. Ho har trappa litt ned og det går bra med halve jobben som naprapat, og resten av arbeidstida ved butikken Intersport på Stranda, fortel ho.

Til behandling hos naprapaten kjem det jamt med kundar, og det er mest rygg og nakke folk føler smerter i .–Kanskje brukar vi kroppen vår feil, kanskje trenar vi for lite. Eit par behandlingar hjelper ofte og dei kan vere bra lenge. seier Liv Hilde Vågsæter. Sjølv nyttar ho fritida si på fysisk aktivitet som joggeturar og fjellturar om veret er skapeleg bra. Og ho er med i lag og organisasjonar både som korsongar i Kor Løye, og i Stranda Røde Kors Hjelpekorps.

Jobben som naprapat kjem ho til å halde fram med både på Stranda og Hellesylt. –Eg blir å finne kvar tysdag framover så sant nokon treng behandling for muskel og leddplager, seier Liv Hilde Vågsæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380