Ikkje lovleg innkalling

Innkallinga til årsmøtet i Hellesylt Næringslag/Hellesylt Utvikling måndag kveld var ikkje i samsvar med vedtektene for laget. Nytt årsmøte blir halde om tre veker.

Etter vedtektene til Hellesylt Næringslag skal medlemer som har betalt medlemskontingent ha personleg innkalling til årsmøtet. Det var ikkje utsendt til møtet på Sunnylven samfunnshus måndag 17. februar. Møtet var kunngjort i god tid, men berre på nettstaden hellesylt.info. Grunna urett innkalling vart møtet heva, og styret i Hellesylt Næringslag fekk oppdraget med å kalle inn til nytt årsmøte innan tre veker.

Diskusjonen heldt likevel fram på møtet om saker og utvikling i og kring Hellesylt og Sunnylven. Synspunkt som vart målbere gjekk mykje på det som ikkje blir/ har blitt gjort. Kanskje må slike diskusjonar vinklast annleis om ein skal få til knoppskyting og utvikling av nye næringar og arbeidsplassar i Sunnylven.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380