Lokalnytt

Informasjonsskilt på badestranda

Til våren kjem det opp eit informasjonsskilt på badestranda på Hellesylt, opplysningar om sjøbadet og badehuset frå tidleg 1900-talet og fram til i dag.

Hellesylt Ungdomslag i samarbeid med designar Anne Jorun Sæten lagar eit informasjonsskilt som skal opp på badestranda på Hellesylt og fortel litt om historia og utviklinga, vart opplyst under årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag. Vi har sett saman ei oppsummering frå litt av det skiltet fortel om.

-Då Hellesylt bro vart bygt i 1902 vart Hellesyltfjøra nytta som badeplass for folk i sentrumsområdet. Dei siste åra har området blitt populært for langt fleire.

I 1935 vart det reist eit stupetårn på berga i Bugen, og to år seinare fekk laksefiskar Anton Larsen bygt badehuset av forskalingsmateriale nytta under bygging av Hellesylt kai. Arkitekt for huset i funkisfolkestil var lærar Thor Brekke. I 1938 vart huset overdrege som gåve til Hellesylt Ungdomslag som frå då har eigd og halde badehuset ved like.

Etter at badehuset kom vaks det fram ein aktiv symjeklubb med utøvarar som leverte gode symjeprestasjonar, og på 50-talet vart der arrangert store symjestemne med god nasjonal deltaking.

Opp gjennom åra har badestranda blitt nytta ved fleire høve, til jonsokfeiring, under Sommardagar på Hellesylt, og i 1990 var der innspeling av storfilmen «Den kvite viking». I 2016 vart det meir filming på badestranda då NU-prosjektet Folkepedia spela inn eit opplæringsprogram for unge innan folkedans.

Den siste store renovasjonen på badehuset vart utført i 2005. Det har blitt utført mykje arbeid på dugnad på både huset og badestranda opp gjennom åra, tillaging av opplysningsskiltet er eitt av dugnadstiltaka-.

I 1997 vart badehuset på Hellesylt kåra til Stranda kommune sitt kulturminne. Badehuset og badestranda med grasbakke og gamle frukttre, har småbåthamn på eine sida og svaberg på den andre. Det idylliske friluftsområdet i enden av Sunnylvsfjorden har blitt ein populær plass for mange.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380