Lokalnytt

Ingen skade etter bysta «dame».

Arne Krosbrekke viser merke etter flohøgde, det øverste etter «Dagmar» i romjula 2011, og 17.- cm lavare etter «Elsa» 11. februar 2020.

Ekstremveret «Elsa» fekk fram raude og gule varseltrekantar i verkarta, og sjøvatn forårsaka menge skadar rundt om i landet. På Hellesylt har det vore verre før.

Både i januar og fyrst i februar vart det registrert høg flo også på Hellesylt. På det meste gjekk sjøvatn opp på fylkesveg 80 ved Hellesylt Camping, men stoppa før det gjorde skadar. Rekordhøg flo vart det heller ikkje.

Arne Korsbrekke har skore inn merke for høg flo i ein stolpe i båtnaustet sitt ved Shellkaia. Vi er med, og Arne viser fram fleire merke han har laga med tollekniven sin.

«Elsa» steig høgt tysdag 11. februar, men var 17.- cm. lavare enn flotoppen under «Dagmar» natt til 6. juledag 2011. Det er høgste merket mellom fleire i naustet. Og i mellom desse to er eit tredje, det er frå nyttårsorkanen i 1992, fortel Arne.

-«Dagmar» var ei fæl oppleving med svært sterk vind i tillegg til høg flo, seier Arne og stoppar opp på vegen til Shellkaia og fortel; -Campingplassen på Hellesylt såg ut som ei krigssone etter den romjulsnatta, og kunstgrasdekket på Hellesylt stadion var heilt øydelagt. Og vinden hadde vore så kraftig at eg fann igjen eit av dei mellomstore måla frå bana inne i granfeltet over hundre meter oppom stadion. Nei, den orkanen var ei frykteleg oppleving, og det er nesten rart at det gjekk så bra som det gjorde med bygningar og folk, seier Arne Korsbrekke og ristar litt på hovudet.

-Dei er ikkje å spøkje med desse damene, seier vi, og Arne fleipar tilbake; Nei, men «Elsa» greidde ikkje overgå «Dagmar» på langt nær denne gongen.

Flohøgda viser også på veggane inn i båtnauster. Kor mykje over «normal» flo det var kunne ikkje Arne svare på. «Normal» flo er så mangt, alt etter årstid, vind og måne, seier han.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380