Jobbar for toalettanlegg på badestranda

HUL ønskjer å få reist eit toalettanlegg i området ved badestranda på Hellesylt. Saka var oppe på årsmøtet og badehusstyret fekk fullmakt til å jobbe vidare med planane.
-Hellesylt Ungdomslag vart eigar av badehuset på Hellesylt i 1938. Sidan då har dei ordna vedlikehald og ryddinge forhold på den populære badestranda på Hellesylt. No jobbar dei med planar for å få sett opp eit toalett i området. Dette for å unngå at området rundt badestranda blir tilgrisa i naudsynte ærend.
På årsmøtet i HUL la badehusstyret fram ei skisse slik dei ser føre seg eit toalettanlegg i området, og leiar Asle Ringdal orienterte om samtalar han hadde hatt med ansvarlege så langt. Ringdal sa at han i kontakt med både frå fylke, kommune og nære naboar til badestranda har møtt berre positiv haldning.
HT Bygg Hellesylt har laga ei skisse til eit lite toalettbygg for omkledning og toalett for begge kjønn. Ringdal presiserte at det blir eit heller lite bygg, men vil innehalde nok tenlege funksjonar for besøkjande på badestranda.
Langt til kaihuset
Det viser seg at ein i liten grad brukar toaletta i kaihuset. Kva som er årsaka til dette er usikkert, men truleg er avstanden for stor. Løysinga er nok å få opp eit toaletthus i øvre del av plenen opp til fjellet, trur Asle Ringdal . Årsmøtet slutta seg til planane og gav gruppestyret fullmakt til å jobbe vidare med saka.