Lokalnytt

Joker Hellesylt i NM-finale

Borghild Sporstøl t.h. og Hanne Kvamme, ved den friske og fargeglade fruktdisken ved Joker Hellesylt, og med ei kasse godt og sunt frå den norske bonden mellom seg.

Daglegvarebutikken Joker på Hellesylt er mellom finalistane i kåring av Norges beste frukt –og grønt- butikk. Godt sal og fleire forbrukarvenlege kriterier tel med for å kome med i finalerunden.

Joker Hellesylt har si frukt –og grøntavdeling like etter at ein kjem inn i butikken, både i opne og lukka hyller. Det lyser sunt og fristande i fleire fargar frå hyllene, så her er det ikkje vanskeleg å finne matvarer frå naturen til å oppfylle helseråd om «fem om dagen».

Opplysningsrådet for frukt og grønt som står bak kåringa nominerer 15 butikkar i kvar kjede, og Joker Hellesylt er ein av 15 i Joker-kjeda i Norge, fortel dagleg leiar ved butikken Svein Sporstøl. Han fortel at frukt og grønt ved Joker Hellesylt utgjer 12 prosent av den totale omsetninga, og salet har i fleire år vore over målet til butikkjeda som er ti prosent.

Gode varer krev mykje arbeid

Kvalitet er avgjerande for godt sal, seier Spørstøl. -Hos oss legg vi mykje arbeid i sortering for å tilby kundane gode og friske varer. Vi går over minst tre gonger for dag, men sjølvsagt kan vi oversjå, eller vurdere feil. Ein litt brun banan kan vere like god som ein annan sjølv om den ikkje blir rekna som salsvare. Det blir ein del svinn på frukt og grønt, det ligg i korta om vi skal tilby kundane våre gode og friske varer, seier Svein Sporstøl.

Varierer med årstida

Mykje av det ein finn i frukt –og grøntbutikkar i Norge er importert, men også den norske bonden har hylleplass og leverer gode varer, seier Sporstøl. Han nemner spesielt eple og plommer som hadde fantastisk godt sal i haust. Og kva folk på Hellesylt kjøper varierer etter årstida. No går det mykje av appelsin, klementin og bær, og så kjem det nye varer som avokado som er sunn og har blitt ei populær frukt der salet har gått rett «til himmels» i det siste, fortel han.

Ventar spent

-Nøkkelen for å få god økonomi og godt sal i denne avdelinga i butikken er å vere nøgne på innkjøp, og jobbe med kontroll og sortering kvar dag. Å få ein plass mellom dei som er i finalen i NM er vi sjølvsagt glade for, men vi veit ikkje noko om korleis vi skal forhalde oss. Opplysningskontoret har sin måte å jobbe på, og vi får gjere slik vi brukar. Vi får berre vente i spaning, resultatet blir kjent etter 31. mai 2020, seier Svein Sporstøl.

Fleire gonger om dagen jobbar Borghild Sporstøl t.v. og Hanne Kvamme i grøntdisken for at kundane skal finne berre gode og friske varer.

Unge og eldre kjøparar

Litt spente på resultatet er nok også butikksjef Borghild Sporstøl og butikkmedarbeidar Hanne Kvamme. Ved kassadisken har Joker Hellesylt bytta ut sjokolade og drops med ein liten fruktdisk. Og dei viser med rette stolt fram avdelinga med fristande frukt og grønt. –Få med at vi synest folk på Hellesylt er flinke å kjøpe frukt og grønt. Ikkje berre eldre folk, men også born og unge kjøper eple, appelsiner, banan eller anna i fruktavdelinga når dei kjem frå skulen og skal på trening eller andre fritidsaktivitetar, fortel dei to og ramsar opp både kjente og mindre kjente namn på varer som Joker Hellesylt har å tilby i frukt –og grøntavdelinga.

Vann i fjor

I fjor vart Meny kåra til «årets frukt og grøntkjede», Rema 1000 Byåsen og Coop Obs Tromsø vart «årets beste frukt –og grøntbutikkar, og «årets frukt –og grøntambassadør blei Siyamak Nemeti frå Kiwi XL Strømsø. Frå 1. juni 2019 til 31. mai i år konkurrerer Joker Hellesylt om beste butikk saman med fleire andre.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380