Lokalnytt

Kommunen har fått Strategisk næringsplan

Strategisk næringsplan for Stranda femner om alle næringar i kommunen, små og store. Høyringsfrist er 5. mars.

Strategisk næringsplan for Stranda kommune er no utforma og har blitt orientert om på folkemøte i alle fire bygdelaga. Frist for tilbakemelding og innspel til planen er 5. mars.

Vi treng små og store innspel til Strategisk næringsplan (SNP) for Stranda kommune, har næringssjef Inge Bjørdal uttala, og gjentok det under folkemøtet på Hellesylt 18. februar. I alle bygdelaga har det blitt orientert om planen til varierande frammøte. På Hellesylt møtte 13 personar, om lag som på Stranda og i Liabygda. Størst interesse var det i Geiranger, der møtte 30.

Stranda har ikkje hatt ein slik plan tidlegare, men det kan bli eit viktig «verktøy», meinte næringssjef Inge Bjørdal som orienterte om planen og leia møtet på Hellesylt. -Planen er ikkje laga berre for industrien sjølv om mellom anna næringsmiddelindustri er dominerande i Stranda. Vi ønskjer innspel frå alle innbyggarar i kommunen, og frist er sett til 5. mars, sa Bjørdal.

Styrken med å ha SNP er at politikarar kan prioritere ut frå aktuelle ønskje og få tiltaka med i økonomiplan. Ei samkøyring av små og store interesser innan næringsliv og kommunale prioriteringar med andre ord.

Heile planen ligg her: https://www.stranda.kommune.no/_f/idf73f8a5-b793-4929-84b2-84281f242d83/strategisk-naringsplan-offentleg-utlegg.pdf

Der står mellom anna å lese: «Målet med SNP er å definere felles, overordna mål og tiltak for utvikling av næringslivet i kommunen slik at planen kan fungere som eit overordna styringsverktøy for prioritering av desse tiltaka.»

Arbeidsgruppa for SNP har vore breitt samansett, og frå mange næringar, entreprenørbransjen, skule, turisme, næringsmiddel, mekanisk, landbruk, møbel, handel, oppdrettsnæring og ungdom.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380