Lokalnytt

Konsert i Sunnylven kyrkje laurdag

Desse blir å høyre i Sunnylven kyrkje laurdag 29. februar. Frå venstre Carolin Eide, Stephanie Roux, Inga Lill Nydal, Evgenii Zhukov. (Foto: Privat)

I Sunnylven kyrkja blir det vakre tonar både musikalsk og på vokal å høyre laurdag 29. februar. Då kjem utøvarar frå den kommunale kulturskulen og lokale kor til kyrkja for å halde konsert på sein ettermiddag.

Fire utøvarar, Evgenii Zhukov (fløyte), Stephanie Roux (piano), Carolin Eide (piano) og Inga Lill Nydal (song) har sett saman eit program som litt på spøk vert omtala som «listepop» frå 1700-talet. Konserten blir ei musikalsk tidsreise der kyrkja bli opplyst berre av levande lys, slik det var for 240 år sidan i sunnylvingane si gamle korskyrkja. Musikken er akustisk, akkurat slik det var den gong då.

Dei store namna i musikken på slutten av 1700-talet var Haydn, Händel, Mozart, Carl Philip Emmanuel Bach, og etter kvart den unge Beethoven. Frå Beethoven, som feirer 250 år i år, får vi høyre første sats frå Måneskinnsonaten tolka av Stephanie Roux.
Unge Inga Lill Nydal (14) frå Eidsdal syng utdrag frå Mozart sin «Don Giovanni», og Evgenii Zhukov serverer oss nydelege fløytesonater av både Händel, Bach jr. og  Joseph Haydn, akkompagnert av vekselvis Stephanie og Carolin.

Dette er ein heilt spesiell konsert, og musikarane fekk svært gode tilbakemeldingar då dei framførte same program for eit talrikt publikum i Norddal for nokre veker sidan. Så oppfordringa til alle må vere, ta turen til Sunnylven kyrkje og konsert med verk av eldre og kjente komponistar. Det er gratis inngang, men høve til kollekt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380