Kristine Hjellbakk Hole nr. 10. og 11. i Holmenkollen.

Kristine Hjellbakk Hole har gått fort i Holmenkollen før, men under NC er 10. plass karrierebeste så langt. (Foto frå arkivet 2018)

Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til 10. plass under Norgescup sprint i Holmenkollen laurdag. Det er karrierebeste for 18-åringen som representerer Sunnylven IL.

Kristine var nok litt skuffa etter konkurransen fredag då ho kom på 43. plass på 5.0 km. klassisk. Laurdag slo ho kraftig tilbake til karrierebeste plassering så langt med 10. plass på sprint skøyting.

Resultatlista sprint skøyting klasse K18: (10 fyrste)

Plass Startnr. Navn Født Nasjon
1 147 HEGGEN Anna 2002 NOR
2 149 HAUGSKOTT Frida 2002 NOR
3 146 MELLING Maria Hartz 2002 NOR
4 148 HELLAND Kristin Maltun 2002 NOR
5 151 AABREKK Ingrid Bergene 2002 NOR
6 167 MOLAND Maja Kjaeraas 2002 NOR
7 157 SUNDGAARD Sigrid Joeranli 2002 NOR
8 160 FUERSTENBERG Theresa 2002 NOR
9 154 ANTONSEN Pernille Karlsen 2002 NOR
10 178 HOLE Kristine Hjellbakk 2002 NOR

Søndag gjekk Kristine nok eit godt renn i Holmenkollen under NC junior og kom i mål til 11. beste tid på 10.0 km. fristil, 2.27.3 bak Anna Heggen, Svea skilag . Ho vann distansen 22.2 sek. føre Marte Mikkelsplass, Bromma IL, og med Emma Kirkeberg Mørk, Drammens ballklubb på tredje plass 54.1 sek bak. 75 løparar fullførte i K18.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380