LokalnyttLokalsport

Langrenn med orgeltramp og slalåm

Deltakarar i klasse J11. Alle fekk sine premiar og applaus, mellom anna frå «gamleordføraren» Arne Sandnes.

Valldal IL arrangerte langrennscross, eit langrenn med leik og utfordringar i løypa. Frå Sunnylven IL deltok ti unge løparar i rennet som var det 7. i SBM cup.

Alle foto: Gunnar Fivelstad.

Også i Valldal kom snøen tilbake i helga, der skigruppa hadde førebudd seg på å arrangere 7 renn i SBM cup med langrennscross ved Høghjellane framme i Valldal. Som vanleg når Valldal IL arrangerer vart det eit ryddig og godt renn, med utfordringar og moro i løypa, og premiar til alle deltakarar. Frå Sunnylven IL deltok ti løparar i alder 8 til 13 år.

Langrennscross i Valldal hadde fleire «hinder». I tillegg til at det var langrenn i fristil var det innlagt trekanthinder som deltakarane skulle passere gjennom, det var orgeltramp, og slalåm gjennom portar. Litt knall og fall, men utan skade. Og som i vanleg langrenn var sluttida teljande for resultatlista for dei som gjekk på tid.

For Emma Korsbrekke i J8 og yngre, og Fredrik Fivelstad Stadheim i G8 talde ikkje sluttid, men begge registrerte at dei var mellom dei raskaste i løypa på 0.8 km. Å delta i konkurransen var artig fekk vi oss fortalt.

Deltakarar i klasse G12.

På 1.7 km. deltok Trym Helset i G12 og vart nr. 8. men han tapte tid då han både var nedpå og kom inn i kø av løparar. I G11 deltok Oskar Ringdal og vart nr. 4, Ingeborg Fivelstad Stadheim og Marta Friestad gjekk i J11 og i mål til 6. og 8. plass.

Klasse J9 hadde ikkje rangert resultatliste, men Tuva Marie Korsbrekke var kjappast av alle gjennom den 1.7 km. lange løypa. Også Terese Støverstein gjorde unna distansen fort og var tredje best. G13 gjekk 2.3 km., og her vart Johannes Friestad nr. 7. Same distanse gjekk Tonje Støverstein i J13 og ein fin 4. plass.

Tuva Marie Korsbrekke t.h. og Terese Støverstein gjorde det svært bra i si klasse J9. (Arkivfoto)
Oskar Ringdal gjekk 1.7 km. i G11 og i mål til 4. plass.
Tonje Støverstein var eldste deltakar frå Sunnylven IL i J13 og hevda seg godt mellom andre i klassa frå skikretsen.

Fullstendig resultatliste finn ein på facebook-sida, eller nettsida til Møre og Romsdal skikrets.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380