Ole Ringdal AS vertskap for pensjonistmøte.

Styret i Sunnylven pensjonistlag. Framme frå venstre: Mia Sjåstad, Astrid Langeland, Lilli-Karin Ljøen, Anne Lise Hasle.
Bak frå v: Ruth Tronstad, Håkon Hasle, Odd Jostein Bjørdal, Magnar Bjørdal.

Rundt 40 medlemer i Sunnylven Pensjonistlag var samla i kantina til Ole Ringdal AS til årsmøte fredag. Årsmelding og rekneskap fortalde om god aktivitet og ein svært solid økonomi.

Som styreleiar har Astrid Langeland styrt Sunnylven Pensjonistlag på ein stødig og trygg måte i seks år. Ho fekk fornya tillit av årsmøtet, og laget held fram med same mannskap også i resten av styret med unnatak av eitt medlem grunna sjukdom. Her vart det opprykk for varamann.

Astrid ønska alle vel møtt til årsmøte. Ho takka for at laget fekk kome til kantina og halde årssamlinga her i bygda si hjørnesteinsbedrift, og overrekte blomar til dei eldste av vertskapet Kristi og Kristen Ringdal. Seinare vart det servert smørbrød med karbonade, sjølvsagt produsert ved Ole Ringdal AS.

Fortalde om bedrifta

Programdelen på årsmøtet var ein presentasjon av bedrifta, frå starten i 1938 og fram til i dag, med utbyggingar og produksjon, både gjennom levande film og bilete frå eldre dagar. Og snart kjem det nye utvidingar. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som presenterte innslaget på framifrå måte, fortalde at snart kom det nye produkt av pølse, og ny utbygging, -om vi får lov, sa han. Det 18 byggetrinnet skal utvide fjøset ved bedrifta og bygge inne konteinarar som står synlege i dag. –Vi vil ha det reint og ryddig rundt oss, sa Ringdal som lova omvising i bedrifta ein dag det måtte høve om medlemane i pensjonistlaget var interessert.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fortalde om bedrifta til årsmøtet.

Fyldig årsmelding

Sekretær i laget, Håkon Hasle presenterte årsmeldinga. Det hadde blitt halde ni styremøter og handsama 34 saker i 2019. Fleire arrangement på kyrkjelydshuset, mellom anna brennsnutfest, julebord, medlemsmøter, utflukt til Roalden på Stranda for rundt 30 medlemer, stor markering på Sunnylven samfunnshus i høve eldredagen med «Margot» i Ina Breivik si drakt, bevertning og musikk av Fossedur, og blomar og batterilys til omsorgssenteret, var litt av det årsmeldinga fortalde om. Sunnylven pensjonistlag har 120 medlemer.

Flott overskot

Også økonomien i Pensjonistlaget er svært god. I fjor på årsmøtet var det underskot i rekneskapen, men dette var i år snudd til eit overskot på heile 59.000.- kroner. Kasserar Odd Jostein Bjørdal viste til tala der gode inntekter kom frå gåver, momskompensasjon, lotteri, og den tidlegare omtala brennsnutlaurdagen der det gjekk ut over 30 liter varm og velsmakande vare.

Andre saker

Det er signal om innskrenka opningstider ved Sparebanken Møre avd. Hellesylt. Årsmøtet vedtok å sende eit skriv til bankleiinga der dei bed om at banken på Hellesylt går tilbake til dei gamle opningstidene med open bank kvar vekedag frå måndag til fredag.

Også arbeid på uteområdet, den såkalla Sansehagen ved Sunnylven omsorgssenter ønskjer Sunnylven pensjonistlag å få framgang på, ei sak styret skal sjå nærare på.

Val

Leiar: Astrid Langeland (attval)

Styremedlemer: Odd Jostein Bjørdal, Mia Sjåstad, Lilli Karin Ljøen, Håkon Hasle (attval), Magnar Bjørdal (ny).

Varamedlemer: Ruth Tronstad, Anne Lise Hasle.

Revisor: Oddbjørn Tryggestad

Valnemnd: Oddmund Fivelstad, leiar. Lars Fivelstad.

Astrid Langeland t.v. gav blomar til Kristen og Kristi som ekstra takk for gjestfriheit for pensjonistlaget.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380