Populært med fastelavnskafé

I vestibyla på samfunnshuset vart kafegjestane møtt av ei rank bjørk med fargerike fjør. Snart blir den flytta ut til ein stad i Hellesylt sentrum, blir vi oss fortalt.

Sunnylven samfunnshus vart samlingsstad for mange laurdag. Dagen før fastelavnssøndag inviterte Sunnylven sanitetslag på kafé med sal av kaker, kaffi, bollar, fastelavnsris og utlodding.

Vestibyle og kafé var pynta med fastelavnstre og sanitetslaget sine bordflagg til dei fyrste av kafégjestane kom innom frå eit heller grått og våtsamt ver ute. Men i Fossedursalen vart stemninga god, og med stigande spaninga for kvart snurrelodd som vart opna.

Sunnylven sanitetslag var godt nøgde med besøket under fastelavnskaféen som har blitt eit årvisst arrangement i laget. Alle snurrelodd vart selde, og mange kjøpte også fastelavnsris. Truleg står det bjørkeris med fargerike fjør i dei fleste heimar i Sunnylven, eit kjøp til støtte for «Sanitetskvinners arbeid for kvinners helse og livsvilkår».

Eit variert og fristande kakebord under fastelavnskafeen som mange handla frå.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380