Pynta med fargeglade fjør og logomerke

Kjellarstova ved Sunnylven omsorgssenter var arbeidsstove måndag då hundre fastelavnsris vart klargjort for sal.

Sunnylven sanitetslag førebur seg til fastelavn. Snart startar salet av hundre pynta bjørkeris, og laurdag 22. februar blir det fastelavnskafe.

Sanitetslaget fekk god hjelp med tillaging av årets fastelavnsris. Som vanleg var det kjellarstova som var samlingsstad, og der vart årets ris pynta med fargeglade fjør og logomerke. I tillegg til styre og andre medlemer kom også mange bebuarar frå omsorgssenteret nedom kjellarstova og hjelpte.

-Arbeidet gjekk som vanleg raskt og godt. Og vi i sanitetsstyret synest det er svært triveleg at så mange av bebuarane er med. Når vi samlast kring det lange bordet går både arbeidet og praten lett om gamalt og nytt i bygda. Å samlast i kjellarstova har blitt ein tradisjon vi vil halde fram med så lenge vi får lov, for det er kjekt både for oss og bebuarane trur vi, seier leiaren i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim.

Etter at hundre fastelavnsris var ferdig pynta var det kaffi, frukt og litt anna å bite i for alle dei 20 som var til stades. I løpet av veke 7 (10. til 16. februar) startar salet. Då kjem elevar frå 8. klasse ved Sunnylven skule rundt, og inntekta blir delt mellom 8. klasse, som sparer til klassetur, og sanitetslaget. Prisen er kr. 75.- pr ris.

Om ikkje alle får besøk av seljarar kan ris kjøpast på butikkar på Hellesylt frå komande laurdag, eller på fastelavnskafe på Sunnylven samfunnshus laurdag 22. februar.

Snart kjem elevar frå 8. klasse rundt og sel desse flotte fastelavnsrisa som Ingebjørg S. Fivelstad t.v. og Ruth Tronstad viser fram.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380