Lokalnytt

Sanitetslaget har halde årsmøte

Styret i Sunnylven sanitetslag for 2020: Frå venstre Kari Hauso Stadheim, Gerd Bodil Helset, Hilde Langlo Brekke, Nina Øie Hole, Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie, Ingebjørg Saarheim Fivelstad.

Aktiviteten i Sunnylven sanitetslag er stor, der er nye arrangement stadig. For to veker sidan var det binding og sal av fastelavnsris, og komande laurdag 22. februar inviterer sanitetsdamene til fastelavnskafé.

Torsdag denne veka vart det halde årsmøte i laget som vart skipa 4. mai for 108 år sidan. Sunnylven sanitetslag er i dag meir aktiv i lokalmiljøet enn nokon gong, og medlemstalet har bikka 60 med unge og eldre av begge kjønn. Når det gjeld aktiviteten det siste året saksar vi frå årsmeldinga.

Spleiselag kring fårikål

«Laget har arrangert strikkekveldar, trivelege samlingar der strikkeglade damer lagar plagg mellom anna til fødeavdelinga ved Åse sjukehus. Av tiltak i bygda har dei såkalla Kløverturar sama godt med deltakarar, og det same gjorde den lokale Jentebølgja som kvart år er i mai. Sist haust vart det skipa til laurdagskafe, og i september vart det i samarbeid med daglegvarebutikken Joker og Ole Ringdal AS servert fårikål til alle på omsorgssenteret. Dit var sanitetslaget også i saman med skulekorpset på adventsstund fyrste helg i advent.

Loppemarknad

På skulen under Luciamarkering og Juleverkstad ordna sanitetslaget godt og næringsrett måltid til alle slik tradisjonen har vore i mange år. Sanitetslaget heldt også fram med prosjekt Leseven for 1-4 klasse og besøkte Sunnylven skule rundt 22 gonger/timar i fjor.

Der sanitetslaget blir mest lagt merke til er nok under loppemarknaden under Sommardagar på Hellesylt. Dei siste åra har laget hatt sin faste plass under uverskuret ved skulen, og salet av brukte ting saman med kaffi og vaflar har gått bra. Laget er glade for at dei får inn eit variert utval ting, og er like overraska over alt som kjem kvart år, heiter det i årsmeldinga.

Sunnylven sanitetslag gjorde også god innsats under TV-innsamlinga og støtta aksjonen for CARE sist haust med ti bøsseberarar i tillegg til eit pengebeløp.

Bleiekaker

I 2019 kom det nye verdsborgarar i Sunnylven som fekk velkomstgåve, ei bleiekake av sanitetslaget. «Kaka» inneheld bleier, babyartiklar, heimestrikka babysokkar, og eit informasjonsskriv om Sunnylven sanitetslag.

I kjellaren ved Sunnylven omsorgssenter har naprapat Liv Hilde Vågsæter framleis behandlingstilbod kvar tysdag. Dette kom i stand gjennom sanitetslaget i 2017, og med støtte frå Sparebanken Møre.

I 2019 delte laget ut blomar til alle som fylte 90 år, og støtta lag og organisasjonar med gåver på til saman 17.500.- kroner.

Val. Styre for 2020:

Leiar: Kari Hauso Stadheim

Nestleiar: Hilde Langlo Brekke

Kasserar: Ingebjørg Saarheim Fivelstad

Skrivar: Gerd Bodil Helset

Styremedlem: Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie

Vararepresentantar:

1.Nina Øie Hole

2.Anne Marie Hauge Ljøen

3.Laila Røyrhus

Valnemnd:

1.Ruth Hole Aaland. 2.Birgit U. Hove. 3. Ann Janne Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380