Sparebanken Møre i nye lokale

Med raud løpar og snorklipping vart dei nye lokala til Sparebanken Møre opna laurdag. Ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad stod for snorklippinga.

Med feiande tonar frå Stranda skulekorps var det klart for opning av Sparebanken Møre sine nye lokale på Stranda laurdag. Framfor inngangen strama fleire unge opp den blå snora og ordførar Jan Ove Tryggestad klippe over og erklære dei nye lokala for opna.

Eit lite 17. mai-tog med maskot Tare i føringa kom opp gjennom Storgata på Stranda laurdag. Sparebanken Møre var på flyttefot denne siste dagen i februar til nye lokale i fyrste etasje av det tidlegare StraKofa-bygget. Framfor inngangen fekk ordførar i Stranda god hjelp med å stramme opp det blå silkebandet før han klipte av og erklærte dei nye lokala opna. Reiskapen ordføraren brukte var ei saks med blå sløyfe, og overrekt på eit sølvfat.

Med Tare og sparebanken sin logo i spiss toga eit talrikt folketog mot dei nye banklokala øvst i Storgata.

Saman med mykje folk var også Stranda skulekorps på plass og bidrog til ekstra høgtid og stemning framfor inngangen. Det vart utveksla gode ord og overrekt blomster før alle vart invitert inn i dei nye banklokala til servering av kaffi, marsipankake, brus og bollar.

I si helsingstale trekte banksjef Kjell Martin Ringseth fram fleire som han takka. Det var godt at styreleiinga i Sparebanken Møre hadde trua på Stranda og satsa på nye, moderande lokale, sa han, han retta takk til kundane, og til dei tilsette som hadde stått på mykje under flytteprosessen, dei var alle fantastiske ressurspersonar, sa Ringseth.

Inne i varmen i dei nye lokala, frå venstre adm. direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal, ordførar Jan Ove Tryggestad og banksjef Kjell Martin Ringset.

Bank på Stranda i 170 år.

Det var i 1849 det vart oppretta bank på Stranda fyrste gong. Ringset hadde sett tilbake på historia til den nest eldste banken på Sunnmøre. Banken hadde omfattande vedtekter, men utstyret var meir beskjeden. Ringset viste fram ei brunmåla skåp som han lett lyfte, og i den oppbevarte banken alt utstyr dei hadde.

-No er mykje av banktenestene digitale og viktigaste utstyret for oss er gjerne berre ein Pc. Vi hadde nesten hatt nok plass til oppbevaring med skåpa også i dag, fleipa banksjefen som var tydeleg godt nøgd med lokala i nytt hus. –Her har vi alt i ein etasje, her skal unge lære seg å spare og her skal dei få hjelp med sine finansar. Sparebanken Møre driv godt, så i år blir det betalt ut 170 mill. kroner til gode formål rundt om. Det er vi stolte av, sa Ringset.

Banktenester på Hellesylt

Sparebanken Møre avd. Hellesylt blir frå 1. mars open to dagar i veka, kvar tysdag og fredag. Dei banktilsette på Hellesylt har fått eigne kontor ved avdelinga på Stranda og blir å treffe der utanom kontordagar på Hellesylt. I fjor fekk Sparebanken Møre ny logo. Snart kjem det opp nytt skilt med rett logo også på Hellesylt,

Stig Tryggestad som har leia kontoret på Hellesylt går over i stilling som bransjesjef for landbruk. Kjell Martin Ringset planlegg også eit par faste dagar ved avdelinga på Hellesylt kvar månad, opplyste han til hellesylt.info.

Stranda skulekorps med dirigent Evgenii Zhukov bidrog stemningsfullt ved opning av dei nye banklokala på Stranda.

.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380