Sterk 7. plass i Marka Rundt

Olav Erling Aaland fekk ein sterk 7. plass i Marka Rundt. Her avbilda saman med John Northug. (Foto: Gisle Aaland.)

Olav Erling Aaland, Sunnylven IL kom i mål til 7. plass i Marka Rundt søndag. Ein sterk prestasjon med kjente skinamn bak seg på resultatlista.

Chris Jespersen vann det 40.0 km. lange Marka Rundt i Trondheim søndag. Konkurransen gjekk i klassisk stil. I rennet deltok Olav Erling Aaland som spissar forma mellom anna mot Birken. Den er stigane, for aldri før har Aaland fullført langløpet raskare enn søndag. Sluttida vart 1.58.08, berre 9.29 etter vinnar Jespersen. I fjor kom Aaland i mål på 2.11.16 i same rennet i Granåsen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380