Sunnylven Barnehage i finalen som lærebedrift
Vanja Trøen Frøysa har funne yrket ho vil satse på. I dag er ho lærling i Sunnylven Barnehage, og om alt går som det skal er målet i framtida å bli barnehagelærar.
Vanja jobbar i Sunnylven Barnehage, og når vi spør legg ho verkeleg trykk på orda når ho fortel at ho likar seg veldig godt. Så bra har lærlingjobben vore at ho sette seg ned og skreiv eit langt brev, ein søknad om at Sunnylven Barnehage måtte bli årets lærebedrift. Heilt slik gjekk det ikkje, men søknaden førte likevel til at barnehagen i Ringdalsåsen i Sunnylven kom til finalen mellom seks andre som ei god bedrift for lærlingar. Vinnar vart eit storkjøkken på ein institusjon i Giske.
Fekk heider og ære
-Om vi ikkje vann finalen tykte vi likevel det var stort å bli kalla på scena i bystyresalen i Ålesund 7. februar og få overrekt blomster. I salen sat 86 lærlingar med sine veiledarar, fortel Vanja sin veileder i Sunnylven Barnehage, Åse Støverstein Ringdal.
Vanja Trøen Frøysa er frå Hellesylt, har gått ti år på Sunnylven skule og dei to neste på Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund. No er ho i jobb som lærling i barnehagen, og deretter blir det jobb i eitt år på skule som barne –og ungdomsarbeidar før utdanningsløpet til barnehagelærar blir fullført, seier ho.
Får mykje ros
I Sunnylven barnehage er det to avdelingar, Blåbærtuva og Trollhola med til saman 27 born. Einingsleiar ved barnehagen, Hilde Langlo Brekke har mange gode ord om Vanja, den aller fyrste lærlingen som har jobba i barnehagen. –Vanja er både dyktig og fagleg sterk så både eg og alle dei andre tilsette er svært godt nøgde med arbeidet ho gjer her. Og sin unge alder til trass er ho kunnskapsrik og ein ressursperson så dei som får henne som barne –og ungdomsarbeidar i skule er heldige.
Søknaden
At Vanja Trøen Frøysa likar seg i Sunnylven Barnehage forstår vi når vi les innleiinga på brevet ho sende som søknad til nominasjon av lærebedrift, og som vi har fått lov å sitere frå:
«Eg vil gjerne nominere Sunnylven Barnehage til årets lærebedrift for den positive innverknad dei har på meg og mi framtid som barne –og ungdomsarbeidar. Dei gjer arbeidslivet som lærling til ein fryd og glede. Dei viser så godt, og gjev veldig ofte uttrykk for det, at dei er så takksame for å ha meg på arbeidsplassen. Det er to spesielle kommentarar som eg høyrer ofte på arbeidsplassen og som betyr så utruleg mykje for meg: «Kva skulle vi ha gjort utan Vanja som lærling dette året», og «Vanja, du er så vaksen for alderen og kan så utruleg mykje, og du dug så ekstremt bra.» Dette er ros, ord og kjensler som gjer at valet om å vere lærling er det absolutt rette for meg, og det kjennest så bra, kvar dag!»
Søkjarbrevet var på nesten to A4-sider og sette Sunnylven Barnehage på kartet som ein god plass å opphalde seg og jobbe på både for born og vaksne.