Sunnylvscup på ski torsdag

Fyrste renn i Sunnylvscup på ski blir arrangert torsdag 6. februar. (Foto frå arkivet)

Verutsiktene er litt usikre, men Sunnylvscup på ski går som tidlegare annonsert torsdag 6. februar. Det melder skigruppa i Sunnylven IL.

I kveld onsdag har skigruppa vore i Hyttehola og sett på forholda. Det er nok snø og oppkøyrde løyper. Sunnylvscup på ski går dermed som planlagt torsdag 6. februar.

Dette er SUNNYLVSCUP NR.3 ( 1 og 2 vart avlyst)

Torsdag 06. februar frå klokka 17.30. Tidtaking kl.18.30 – Fristil, merkerenn

Dei som er sett opp til å hjelpe er:

Jørgen Helset (gruppeansvarleg), Kurt Erik Sundgot, Kristoffer Frøysa

Kiosk: Olianne Sjåstad, Anita Langeland ( ta med vaffelrøre av 2 liter mjølk og ei kanne kaffi kvar).

Frå styret: 1. Hans Hole  2. Anne Karin B Ringdal.

Startkontingent: kr. 100.- pr. deltakar. Ta med kontantar. Vipps kan også nyttast

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380