Superhelg i Møre og Romsdal 4-H


Det nye styret i 4H Møre og Romsdal: Lina Marie, Anna Kristine, Ragnhild, Silje, Tor Inge og Berit i front. (Foto: 4H)

Møre og Romsdal 4H har avvikla si Superhelg med val i Elnesvågen, Fræna. Klubbrådgjevar i Fjellrosa 4H, Silje Stadheim vart 1. varamedlem til styret i fylkesorganisasjonen.

Heile 130 4H-arar deltok på Superhelga i Møre og Romsdal 7. – 9. februar. –Vi er klare for eit nytt år med 4H-aktivitet, styrearbeid og planlegging av nye spanande prosjekt, uttalar styreleiar Berit Fredriksen, frå Ruggå 4H i Valldal. Ho tok attval til ein ny periode som leiar for 35 klubbar og om lag 700 4H-medlemer og klubbrådgjevarar i fylket.

-I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellege tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid, uttalar fylkesleiaren som saman med styret skal utarbeide nye mål for organisasjonen, og i lag med andre i 4H arrangere mange fylkesarrangement, mellom anna fylkesleir.

-Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, og gjere tiltak frå fylket mykje betre.

Årets klubb

Årets klubb i 2019 vart Skåla 4H, ein klubb som starta opp i 2018 og har til saman 21 medlemer. Det har vore stor aktivitet i klubben gjennom heile fjoråret, og har imponert fylkesstyret med alt dei har fått til det fyrste året.

På siste dag av Superhelga var det årsmøte i fylkeslaget med val. Desse vart vald inn i det nye styret:

Leiar: Berit Fredriksen, Ruggå 4H, Fjord.

Styremedlem:

Ragnhild Bjørkedal, Freidig 4H Volda,

Tor Inge Aleksandersen, Regnbuen 4H Hustavika

Anne Kristin Nisja, Fossekallen 4H Sunndal

Lina Marie Bjørkedal, Freidig 4H, Volda

1.vara: Silje Stadheim, Fjellrosa 4H, Stranda. 2. vara: Lill Marie Remset, Ruggå 4H, Fjord. 3. vara: Tare Reklev Øverbø, Storm 4H Ørsta.

Organisasjonsrådgjevar i 4H Møre og Romsdal er May-Britt Skjortnes, mob. 960 96 783.

 

Lina Marie, Anna Kristine, Ragnhild, Silje, Tor Inge og Berit i front.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380