Tilsett som kyrkjetenar

Renate Furre Henriksen-Sandvær er tilsett som kyrkjetenar i Sunnylven. (foto: nrk.no)

Renate Furre Henriksen-Sandvær er tilsett som kyrkjetenar i Sunnylven frå februar månad, det får www.hellesylt.info opplyst hos Storfjord kyrkjelege fellesråd.

Stillinga som kyrkjetenar i Sunnylven har vore lyst ut sidan tidleg i fjor haust. Renate Furre Henriksen-Sandvær er busett i Strandadalen og jobbar til dagleg som redaktør i lokalavisa Sunnmøringen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380