LokalsportNotiser

Vann i Retura Cup

Ørjan Frøysadal Hauge

Ørjan Frøysadal Hauge og Kristian Frøysadfal Hauge, begge frå Sunnylven skyttarlag vann sine klasser i Retura cup, skyttarstemne arrangert av Hornindal og Markane skyttarlag.

Av Sunnylven skyttarlag

Hornindal og Markane Skyttarlag var arrangør av årets Retura Cup finale i skyting denne veka. Her deltok skyttarar også frå Sunnylven skyttarlag. Alle 15 m miniatyrstemne i Nordfjord Skyttarsamlag ifrå sist haust og til no, talde som kvalifisering for finalen. Seniorane skaut på tysdag, og her var Kristian Frøysadal Hauge klart best i dei kvalifiserande skytingane i KL 4 før finalen.

Flott skyting av Kristian som innfridde til gangs også i finalen i klasse 4 og vann klart med sterke 343 p. Han følgde skyttarkongen frå 2 år sidan i Stjørdal ,Tor Gaute Gjøingsli frå Lom og Skjåk Skyttarlag  til døra. Gjøingsli gjekk til topps i kl 5, også han med 343p. Flott skyting av fyrste års senior Frøysadal Hauge.

Ungdomane skaut finalen på torsdag. Her var dei to yngste brørne Frøysadal Hauge kvalifiserte for finaleskytinga. I klasse Eldre Rekrutt 14-15 år gjekk Ørjan heilt til topps med poengsummen 349.

Juniorklassa 16-17 år vart vunne av Fredrik Taklo frå Hundeide Skyttarlag med 345 poeng. Her vart det bronse til Isak med gode 343 p.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380