Verteikn frå primstaven

Var sola framme så lenge at hesten kunne salast tre gonger vart det ein fin sommar, sa folk i gamle dagar.

Den 22. februar er datoen for Petersmesse om våren, dagen som blir kalla Peter Stol og som frå gamalt av var ein merkedag for veret langt fram etter sommaren.

Peter Stol og 22. februar var ein viktig dag på primstaven. Såg ein sola lenge nok til at ein kunne sale ein hest denne dagen, blei det eit godt år. Men var det klårver og solskin heile dagen, då blei det ein fæl regnsommar. Slik sa dei det nord i Møre og Romsdal. I Sunnylven vart det sagt på ein litt annan måte. Her måtte sola skine så lenge at hesten kunne salast tre gonger, då blei det ein fin og varm sommar.

På 22. februar slutta telen å gå nedover i jorda. Årsaka var at denne dagen kasta Peter Stol varme steinar både ut over jordet, og i vatn slik at isen tina nedantil og vart fårleg å gå på. Og var nokon så skøytelause at dei gjekk ut på islagt vatn etter denne dato og fall igjennom så hadde ingen plikt til å hjelpe dei på land igjen.

To dagar seinare, 24. februar var også ein merkedag og vart kalla Vårdag. Slik veret var denne dagen, slik skulle det bli i mange dagar framover. Var det is og kaldt, blei det mildt i 40 dagar, men var det mildver denne dagen vart det kaldt ver i same periode.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380