Attval på engasjert FrP-leiar

Frank Sve frå Stranda vart samrøystes attvald som leiar i Framskrittspartiet under fylkesårsmøtet i Geiranger. (Foto frå arkivet)

Frank Sve frå Stranda held fram som leiar for Framskrittspartiet i Møre og Romsdal. Politikaren med snart ein mannsalder bak seg som kommune –og fylkespolitikar er engasjert og har friske formuleringar om fleire saker.

Under fylkesårsmøtet i Frp tidleg i februar fekk som venta Frank Sve frå Stranda fornye tillit som leiar og gruppeleiar. Vala var samrøystes. Med seg i styret har han Geir Stenseth, Ålesund, Solveig Båtsvik, Herøy, Inger Lise Nerland Skogstad, Hustadvika, og Ole Henning Ødegård, Kristiansund.

-Som fylkesleiar i landets største FrP-fylke har vi også ein sentral rolle i Landsstyret der eg også er medlem av partiets valkomité, fortel Sve, og fortel vidare frå årsmøtet og om andre saker.

FrP får nye medlemer

-Møre og Romsdal FrP arrangerte kurs fredag før årsmøtet der ca. 120 medlemer frå heile fylket møtte, og mellom dei svært mange nye medlemer. Fylkeslaget opplever stor innmelding av nye medlemer etter at partiet gjekk ut av regjeringa, og vi får nye medlemer også frå andre parti.

Sjølve årsmøtet samla ca. 200 deltakarar frå heile fylket, og partiet står sterkare enn på lenge i Møre og Romsdal etter eit brakval i siste fylkestingsvalet.

Ferjetakstar og skulekutt

-Politisk var kampen mot høge ferjetakstar og kutta innan dei vidaregåande skulane her i fylket av dei store sakene. FrP er einaste av dei større partia i fylket som klart og tydeleg har kjempa imot dei svært dramatiske kutta Sp og Ap og fleirtalet i fylkeskommunen gjennomførte innan dei vidaregåande skulane. Det rammar ungdommar her i fylket brutalt. Det rammar også Stranda VGS med kutt i sitt skuletilbod.

-Aldeles meiningslaust blir det når vidaregåande skular i fylket faktisk gjekk med 54.0 mill. kroner i overskot i 2019, då var kutta på 34.0 mill. kroner basert aldeles på ein bløff.

Det same gjeld auken av ferjetakstane som blir rimeleg greinalaust når fylkeskommunen gjekk med rekordoverskot på heile 313.5 mill. kroner i 2019.

Klima og miljø

-Elles er kampen mot klima og miljøhysteriet ei sak som fekk stor merksemd på årsmøtet. Dette hysteriet ser vi også dessverre resultat av i vår eiga kommune som med «Grøn fjord-prosjektet» har skapt «tom fjord» frå 2024. Dette rammar både Geiranger og Hellesylt, som ikkje får anløp av cruisebåtar med bakgrunn i aldeles urealistiske og greinalause miljøkrav som cruisenæringa på ingen måte klarer å innfri.

-Desse miljøforkjemparane har fått det som dei vil, og eit tomt kaianlegg på Hellesylt er og blir berre tragisk og eit resultat av eit klima og miljøhysteri. Hjelper lite for verken klima eller miljø når desse skipa berre kan segle andre stader her i regionen, i resten av landet og i verda.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380