Avlyser eller utset arrangement

Både arrangement og dagleg aktivitet stoppar nesten heilt opp grunna utbrotet av Korona-viruset. (Illustrasjon)

For å begrense spreiing av korona-viruset, og etter råd frå styresmakter blir fleire arrangement på Hellesylt og i Sunnylven avlyst eller utsett dei nærmaste dagane/vekene.

Utsette arrangement i Sunnylven:

 

Årsmtet i Sunnylven IL blir utsett.

Norges Idrettsforbundet har sendt brev til alle idrettslag om at årsmøtefristen er utsett frå 1.april til 15. juni. Med bakgrunn i dette har hovudstyret i dag gjort følgande vedtak: Sunnylven IL utsett årsmøtet for 2019 inntil vidare på grunn av fare for Korona-spreiing.   

 

Hellesylt Ungdomslag

Korona stoppar den 43. Grendakvelden på Hellesylt. Sjøarane var godt i gong med innøving av eit lødig program, men no melder arrangør Hellesylt Ungdomslag at Grendakvelden laurdag 04. april 2020 er AVLYST!  AVLYST!

 

Sunnylven skyttarlag.

DFS avlyser eller utset alle skytestemne utover lagsaktivitet  fram til 30. april. Samlagsstemne i feltskyting og det opne feltstemne som Sunnylven Skyttarlag skulle arrangert i dette tidsrommet vert difor utsett.

 

Sunnylven Bygdekvinnelag.

Bygdekvinnelaget avlyser Kafe Surrepiperier som skulle bli arrangert laurdag 21. mars. Altså AVLYST!

 

Sunnylven sanitetslag

Norske kvinners sanitetsforening har sendt skriv og tilrår lokallag at alle fysiske møter og samlingar blir utsett, eller å finne alternative måtar å gjennomføre møter på. Dette gjeld i fyrste omgang ut april. Sunnylven sanitetslag utset Kløverturane i mars og april. Møtet med helsekoordinator Margrethe Fjetland Løvold blir også sett på vent.

 

Sunnylven Pensjonistlag

Styret i Sunnylven Pensjonistlag føl oppmodinga frå Pensjonistforbundet og set på vent møte og andre aktivitetar i laget til etter påske. Det melder styret som kjem tilbake med skriv eller anna informasjon til medlemane etter kvart.

 

Sunnylven IL skiskyting

KM i skiskyting i Sunnylven til helga 14. og 15. mars, og på Stårheim neste helg er avlyst. Det melder skiskyttarkrinsen som skriv vidare: Sesongen er med det over. Den starta med snømangel og avlyste renn og enda med avlyste renn pga Korona. Vi ser fremover mot sesongen 2020/21.

 

Avlyser spekematkveld på Tronstad

Tronstad grendalag inviterte til spekematkveld og dans med Fossedur laurdag 21. mars. Kvelden er AVLYST opplyser leiar i Tronstad grendalag.

 

Det kan kome fleire avlysingar/utsetjingar i dagane som kjem så føl med på www.hellesylt.info og kalendaren «Kva skjer på Hellesylt»

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380